9. mars starta ei ny runde med fiskesprell. Barnehagetilsette vert kursa i korleis ein kan auke fiskeforbruket i barnehagane og det vert satt fokus på sunt kosthald i barnehagane.
I løpet av mars og april arrangerer Hordaland fylkeskommune saman med Norsk Sjømatsenter åtte kurs for til saman 84 barnehagar.
Under den fyrste kursveka deltok tre studentar frå Høgskulen i Bergen som tar ein bachelorgrad i folkehelsearbeid. Dei fortalde generelt om folkehelsearbeid og førebyggande helsearbeid, og viktigheiten av folkehelsearbeid allereie frå tidleg barndom.
Ellers bestod programmet av innlegg frå ei tannpleier som fortalde om kostens viktigheit for tennene og ein ernæringsfysiolog som snakka om dei ulike næringsstoffane og deira betyding for eit balansert kosthald. Kursleiaren frå Norsk Sjømatsenter fortalde vidare om fisken sin rolle i folkehelsearbeid og korleis ein kan bruke fisk meir i barnehagane.
Etter ein kort lunsjpause var temaet ”sjømat som råstoff” der ein kokk viste korleis ein skal behandle heil fisk. Han viste både sløying og filetering. Sidan vart kursdeltakarane inndelt i grupper og hadde praktisk matlaging med fisk som hovudråstoff.
Når matrettane var ferdiglaga vart det tildekt med sjømatbuffét og deltakarane fortalde i plenum korleis dei hadde laga sine rettar. Dei tilsette ga uttykk for at dei fekk god lærdom som dei ville ta med seg tilbake i barnehagane og lære vidare til kollegaer, foreldre og barna.
Kvar barnehage måtte skrive eit postkort med tre enkle tiltak dei vil ta i bruk for å ete meir fisk i barnehagen. Etter omtrent to månader mottek dei postkortet som ein påminning om måla deira. I tillegg vert dei invitert på eit oppfølgingssamling seinare på året. Fiskesprell er eit viktig tiltak for folkehelse.

Link til Fiskesprellkurs i Hordaland 2011
Bachelor studentar i Folkehelse, Høgskolen i Bergen 22.03.2011 12:32