Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) er ei stabseining i Regionalavdelinga.
Telefonliste for tilsette
Hovudmål for AUD:
- AUD skal levere analysar, utgreiingar og dokumentasjon på område som er viktige for Hordaland fylkeskommune - med særleg vekt på regional utvikling og vidareutvikling av sektorane sine arbeidsområde.
- AUD skal levere innspel til toppleinga som skal tene som underlag for politikkutforming og påverknad av statleg politikk.
- AUD skal vere eit kompetansepunkt for analyse, metode, statistikk og kartløysingar i Hordaland fylkeskommune.
Arbeidsområde:
Eksterne og interne analysar
AUD skal gjennomføre analysar både av eksterne og interne tilhøve knytt til rolla som regional utviklingsaktør og som tenesteprodusent.
Faktainnhenting og faktaverifikasjon
AUD skal dokumentere røynda gjennom faktainnhenting og verifikasjon av innhenta informasjon.
Overvaking
AUD skal vere ein informasjonsovervakar og informasjonsmeklar.
AUD skal fange opp og formidle nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, trendar, føringar og signal.
Understøtte lobbyarbeid
AUD skal levere underlag til politisk leiing for gjennomføring av politisk påverknadsarbeid med dei ”produkta” som er naudsynte i kvart særskild tilfelle.
Utvikling
AUD skal bidra til å utvikle metodiske opplegg, standardar og styringssystem som kan heve kvaliteten på det arbeidet som blir gjort i fylkesadministrasjonen.
Formidling
AUD skal gjere tilgjengeleg og formidle relevant forsking, statistikk og geografisk informasjon på ein lettfatteleg og brukarvenleg måte og ta i bruk verktøy som gjer dette mogleg.
Rådgiving
AUD skal gje bistand innafor relevante område i tråd med den kompetansen som arbeidslaget til ei kvar tid har.
Produkt:
Publikasjonar frå AUD
Mykje, men ikkje alt, AUD arbeider med er samla på hovudsida for Statistikk og kart.
Statistikktenesta hordaland.no/statistikk
Hordaland i tal: www.hordaland.no/hit
