Retningsliner for tilskot

Generelt om tilskot

Fylkeskommunen rår over ei rekkje ulike tilskotsordningar, som mellom anna vert sette inn i arbeidet med næringsretta arbeid og regional utvikling i Hordaland:

A. Fylkeskommunale verkemidlar (FUV) 
B. Forvalting av statlege verkemidlar

Retningsliner for tildeling

Regionalt utviklingsprogram byggjer på intensjonane i Fylkesplanen og peikar ut kva satsingsområde som skal få særskilt innsats i utviklingsarbeidet for kvart einskilde år. Slik sett er utviklingsprogrammet retningsgjevande for all offentleg verkemiddelbruk i fylket. Dette hindrar likevel ikkje at prosjektsøknader o.l. med anna orientering kan få økonomisk stønad.

Les meir om Regionalt utviklingsprogram

Verkemiddelområde

For midlar som er overførde frå Staten, gjeld dessutan retningslinjer som set grenser for korhen i fylket og til kva tiltak som tilskot kan nyttast.

Les meir om verkemiddelområde for Hordaland 

Forvaltaransvaret er delt mellom fleire

Fylkeskommunen kanaliserer årleg ei samla ramma til nære samarbeidspartnarar. Desse midlane er øyremerka særskild satsing :
  • Innovasjon Norge tar imot og handsamar alle søknader om tilskot og lån frå einskildbedrifter og forvaltar dei fylkeskommunale midlane til slike tiltak.  
  • Regionale tiltakskontor på oppdrag frå regionråd og einskilde kommunar, forvaltar midlar som vert nytta til lokale tiltak innan næringsutvikling.

Resterende midlar vert forvalta gjennom politiske vedtak og/ eller etter administrativ vurdering i fylkeskommunen.

Kontakt oss

For nærmare informasjon om Regionalt utviklingsprogram, kontakt næringsseksjonen ved Hordaland fylkeskommune på telefon 55 23 92 82. Oversyn fagpersonar og ansvarsområde

Bedriftstøtte og hjelp til oppstart av bedrift

Spørsmål knytt til oppstart eller utvikling av bedrift, ta kontakt kommunen eller ditt lokale tiltakskontor/ regionråd. Samla oversyn på rettleiings- og finansieringsordningar i Hordaland finns på nettstaden www.Kom-an.no.

 

Oversyn regionråd
Oversyn kommunar i Hordaland
Innovasjon Norge Hordaland 

Nettstaden Kom-an.no

27.07.2010 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart