Destinasjonar

Bergen - Hardanger - Voss - Sunnhordland - Nordhordland - Kysteventyret

Med sine enorme variasjon innan natur- og kulturgitte opplevingar, framstår Hordaland – både i historisk perspektiv og i dag – som det viktigaste reiselivsfylket i landet. Knapt nokon annan stad kan ein innanfor eit så avgrensa område oppleve ein variasjonsbreidde av kvalitet. Tronge fjordar, høge fjell, spanande byopplevingar, frodig kystkultur, ville fossetryk, stormande hav, spanande og dramatisk kulturlandskap, stupbratte fjellsider er berre nokre av stikkorda. Og til slutt finn ein Hardangervidda og Folgefonna som mektige ”krunar” over dette særmerkte reiselivslandskapet.

Smau i Bergen. Foto Bergen Reiselivslag
Smau i Bergen. Foto Bergen Reiselivslag

Dei mest kjende destinasjonane er Bergen og Hardanger. Hardanger vert gjerne rekna som norsk reiselivs kommersielle vogge. Allereie for fleire hundreår sidan trakk dette området til seg turistar i hopetal. I dette området finn ein mellom anna Utne Hotel – det hotellet i Noreg som har lengst driftshistorie (1723). Sjølvsagt er det den storslagne naturen som omkrinsar Noregs nest lengste fjord – Hardangerfjorden – som trekk turistane til området.

Bergen vert ofte omtala som ”The Gateway to The Fjords” og er i sanninga inngongsportalen til det spanande fjordområdet vi har på Vestlandet. Med sin pittoreske sjarm, intimitet og likevel sus av å vera ein storby, har Bergen befesta sitt ry som ein stad ein må vitja. Bryggen, Fisketorget, Fløyen, VilVite og Akvariet er berre nokre av dei opplevingar tilreisande må ha med seg.

Hordaland er imidlertid så mykje, mykje meir. Har ein trong etter det stormande havet og den frodige kystkulturen, er Sunnhordland, Kysteventyret (øyane vest for Bergen) eller Nordhordland sikre vinnarar. Ønskjer du å driva med ekstremsport, så er Voss den rette staden. Her har ein gjennom dei siste åra bygd seg opp til verdsklasse innan dette segmentet og staden er også eit velkjent eldorado for vintersport.

Ver velkomen til Hordaland – eit fylke der storslagne opplevingar formeleg står i kø.

Bergen - Hardanger - Voss - Sunnhordland - Nordhordland

 

Berit Vetlejord 03.08.2010 15:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart