Profilbilde

Omstilling og nyskaping

Midlar til omstilling
Omstillingsløyving er gitt for å stimulere til nyskaping i kommunar/regionar som har mista mange arbeidsplassar i sentrale bedrifter i området. Område i fylket vert til tider råka av negativ utvikling i folketal og sysselsetting, og det vert naudsynt å gå inn med særskilde verkemidlar og tiltak.

Omstillingskommunar 2012
Kommunal- og regionaldepartementet løyver årleg midlar til omstillingarbeid i Hordaland. Nokre særlege område med sørskilte omstillingsutfordringar vil normalt stå i fokus.

I 2012 vert mykje av løyvinga avsett til utfordringar som kan kome til å oppstå som følge av finanskrise og endringar i internasjonale konjunkturar. Stader med store eksportverksemder og stader som er avhengige av ein eller nokre få eksportretta bransjar, vil kunne få slike midlar.

Mindre prosjekt som allereie får omstillingsmidlar, vil kunne få finansiering i 2012 òg – viss dei kan vise til gode resultat og tydelege planar framover.

Sjå elles
program for omstilling og nyskaping
Søk tilskot til omstilling

Retningsliner
Les meir om retningsliner for omstilling og nyskaping

Kontaktperson
Øystein Imset, næringsseksjonen 

24.01.2012 08:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart