Profilbilde

Maritime næringar

Hordaland har ei komplett maritim klynge som på mange måter er i verdsklasse.

Tilskot til næringsutvikling
Maritime næringar er eit av innsatsområda i Hordaland.
Les meir om tilskot til næringsutvikling

Bergen er største sjørfatsby i Noreg og mange reiarlag har hovudkontor her. Den maritime klynga er nest største verdiskapar i regionen og er framleis inne i ein høgkonjuktur med kraftig vekst, høg investeringstakt og mangel på kvalifisert arbeidskraft. For reiarlag kan overgangsordningane mellom gammal og ny skatteordning føre til redusert investeringsevne som kan påverke den positive utviklinga i klynga.

Dei maritime næringane konkurrerer i ein global marknad. På Vestlandet har ein lange tradisjoner for kompetent internasjonalisering ved å satse på entreprenørskap, innovasjon og samarbeid om utvikling av marknadstilpassa løysingar i verdsklasse, som til dømes innan kjemikalietransport, papirtransport, offshore og nærskipsfart. Vellukka internasjonalisering vil framleis vere eit sentralt arbeidfelt saman med ei auka sasting på miljøtiltak.

I Hordaland skal innsatsen særleg rettast slik:

  • Gjennomføre tiltak innan rekruttering, kompetanseutvikling,
    innovasjon, internasjonalisering
    og miljø, og auke samarbeidet langs
    heile verdikjeda i maritim sektor. Gjennomføre
    tyngre fellesprosjekt forankra i den maritime
    klynga i fylket og med finansiering frå
    nasjonale utviklingsprogram som MARUT.
  • Stimulere til auka samarbeid mellom maritim
    sektor og kunnskapsmiljøa i og utanfor
    Hordaland. Utvikling av samarbeidet t.d. i
    NCE Subsea, Viking Innovation Partner og i
    dei maritime fora vil vere viktige satsingsområde
    saman med andre klyngeprosjekt.
  • Arbeide for likeverdige og stabile rammevilkår
    for heile den maritime klynga slik at
    norsk maritim industri er konkurransedyktig
    i høve til andre land, særleg EU.
  • Styrke og betre samarbeidet mellom FoUmiljøa
    og maritim sektor. Satse på næringsretta
    miljøtiltak som kan styrkje konkurranseevna
    for den maritime klynga i
    Hordaland.

Kontaktperson:
Arthur K. Arnesen, næringsseksjonen

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart