Profilbilde

Marine næringar

Hordaland i verdstoppen
Hordaland er ein sterk fiskeriregion og eit viktig oppdrettsfylke.
Næringa er sentral for samfunnsutviklinga i store deler av regionen.
Bergen har internasjonal tyngde innan marin forsking og har ei felles profilering gjennom Bergen Marine Forskingsklynge.

Tilskot til næringsutvikling
Marine næringar er ei av innsatsområda i Hordaland.
Les meir om tilskot til næringsutvikling

Verdiskaping innan marine næringar
Pelagisk sektor har potensiale for høgare verdiskaping gjennom betre bruk av restråstoff og produktutvikling. Det er vidare viktig at
kystfiskarane får gode høve til å utøve si næring i vårt område.

Hordaland samarbeider med nabofylka om utvikling av næring basert på marinfisk og skjel i Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar.

Rammer for vekst
Oppdrettsnæringa har særlege utfordringar i høve til fiskehelse, omsyn til berekraft og optimal lokalisering av anlegg. Mangel på kunnskap om grunnlag for berekraftig havbruksproduksjon, fører til at det vert lagt stramme rammer for vekst i fylket.

Finansuro og marknadssvikt har ramma desse verksemdene i Hordaland i særleg grad. Det vert framleis fokus på å betre rammeføresetnader og kunnskapsutvikling på feltet.

Internasjonal marknad
Bedriftene innan marin sektor opererer i hovudsak i ei internasjonal marknad som krev høg kompetanse og kontinuerleg innovasjon.
Teknologiutvikling, berekraft og marknadstilpassa produksjon er sentralt for å skape ei framtidsretta næring. For å klare dette må sektoren
vidareutvikle samarbeidet med kunnskapsmiljøa.

Innsatsen skal særleg rettast slik:

  • Medverke til utvikling av ei variert og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring der omsynet til biologisk mangfald, miljø og ressursbruk vert ivareteke. Optimal lokalisering av akvakultur og teknologiutvikling vert viktige tema.
  • Leggje til rette for styrking av næringsklynger, møteplassar og kopling til FoU- og kunnskapsmiljø, mellom anna skal det regionale forskingsprogrammet og VRI-programmet nyttast som verktøy. Det skal stimulerast til fylkesovergripande og internasjonalt samarbeid.
  • Stimulere til auka verdiskaping innan vidareforedling, råstoffutnytting ingrediensindustri og marin bioteknologi. Positive ernærings- og helsevinstar ved auka bruk av sjømat og marine produkt skal framhevast.Det skal leggjast vekt på utvikling av nisje og tradisjonsprodukt, bruk av lokal sjømat og koplingar til reiselivet.
  • Leggje vekt på utdanning og kompetanseheving innan marin sektor.

Les meir om;

Nettverk | Prosjekt

Finansieringsordningar for marine næringar

Les om Regionalt utviklingsprogram for Hordaland.

Kontaktperson:
Siri Hanson, næringsseksjonen

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart