Profilbilde

Landbruksnæringar

Hordaland fylkeskommune har frå og med 2010 fått eit utvida medansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken på regionalt nivå. Inkludert i dette er ei auka satsing på dei prioriterte områda rekruttering, likestilling og kompetanseheving, gjennom ei ny tilskotsordning. Den auka satsinga vert sett i samanheng med fylkeskommunane si breie rolle som utdanningspolitisk og regionalpolitisk aktør.

I samarbeid med Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Noreg og representantar frå dei vidaregåande skulane, har Hordaland fylkeskommune utforma eit strategidokument som skal vere styrande i Hordaland fylkeskommune si landbrukssatsing knytt til rekruttering, likestilling og kompetanseheving for 2011 og 2012.

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket

Kontaktperson:
Håkon Jordet, næringsseksjonen

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart