Profilbilde

Kulturnæringar

Kultur som næring
Kulturnæringane i Hordaland har eit stort sysselsettings- og verdiskapingspotensiale. Dei er dessutan katalysator, motor og inspirator for andre næringsområde og spelar ofte ei viktig rolle i regionale uviklingsprosessar.

Tilskot til næringsutvikling
Kulturnæringar er ei av innsatsområda i Hordaland.
Les meir om tilskot til næringsutvikling

I reine tal står kulturnæringane i Hordaland fram med ein sysselsettingsdel på 3,5 prosent (7.609 personar) og med ein relativ del av verdiskapinga på 3,1 prosent (Rapporten Lidenskap og Levevei, 2007). Desse næringane kan med dette måle seg med viktige andre næringar som til dømes skipsbyggingsindustrien.

Satsing på kultur
I Regionalt utviklingsprogram har satsinga på kulturnæringar dei seinare åra vore mykje konsentrert om film/media, design og rytmisk musikk. Desse sektorane har vakse raskare med omsyn til sysselsetting og tal på føretak enn andre innan kulturnæringane i fylket. For å vidareføre denne veksten, er det behov for å styrkje infrastrukturen rundt næringane, både med omsyn til kommersiell kompetanse, rekruttering, nettverk og utvikling av fullstendige verdikjeder.

Kultur som ressurs
Kulturfeltet har verknad for næringsutvikling innan fleire område. Gode modellar og praktiske løysingar som kan delast mellom dei mange festivalane i fylket skal prioriterast. Likeeins er det viktig å sjå kulturnæringar basert på arv og tradisjon som ein ressurs i mange området av fylke.

Kontaktperson:
Yngvar Hagala, næringsseksjonen

Toppbilete er ein samansetning av bilete frå dreiebuo.com

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart