Internasjonalt verdiskaping
I ein global marknad føreset innovasjon at verksemdene kan lukkast både lokalt og internasjonalt. Det er naudsynt både med unike produkt og med kunnskap om korleis bedrifta skal lukkast kommersielt internasjonalt. Det er viktig å leggje til rette for internasjonalt samarbeid som kan styrkje kulturforståing og annan internasjonal kompetanse gjennom heile kjeda av verdiskaping i Hordaland.
Det er eit ynskje å styrka arbeidet gjennom dei arenaene som ein alt har etablert, som Vest-Noregs Brussel-kontor, samarbeidsregionane og dei internasjonale organisasjonane ein er medlem av.
Les meir om tilskot til næringsutvikling
Internasjonal satsing
Det fleirkulturelle Hordaland kan dessutan vere ein viktig innsatsfaktor i verdiskapinga. Premiss for framtidsretta næringsutvikling er å leggje til rette for at ungdom og utdanningssøkande deltek i denne kompetanseutviklinga, både gjennom opplæringstiltak og den meir uformelle læringssituasjonen som kultur- og fritidsaktivitetar.
Kontaktperson:
Lars Tveit, næringsseksjonen