Fylkesdelplan for små vasskraftverk vedteke i fylkestinget
Som første fylke i landet har Hordaland vedteke ein fylkesdelplan for små vasskraftverk. Målsetting med planarbeidet har vore å samle kunnskap om regionale og nasjonale verdiar i mogelege utbyggingsområde for å betre grunnlaget for veging av verdiar/interesser og vurdering av sumverknader i småkraftsaker. I tillegg til å utarbeide fylkespolitiske retningsliner for å sikre at ny fornybar energiproduksjon i små-, mini- og mikrokraftverk ikkje førar til tap av naturmangfald, friluftslivsområde eller landskap av stor verdi.
Planen inneheld skriftleg omtale av verdiar med tilhøyrande kart i tillegg til mål og fylkespolitiske retningsliner. Fylkestinget sitt vedtak 9.desember 2009 i sak 82/09 kan ein lese her. Plandokumentet er oppjustert med dei endringane som vart vedteke av fylkestinget. Nytt datasett for inngrepsfrie naturområde pr 1.1.2008 vart publisert i desember 2009 av Direktoratet for naturforvalting, og plan og kartmateriale er i etterkant oppdatert i samsvar med dette.
Fylkesdelplan for små vasskraftverk 2009-2021
Plandokument
Tekstdel (desember 2009)
Fylkespolitiske retningsliner for små vasskraftverk - vedteke av fylkestinget
Plandokument - kart:
Områdeinndeling med utbygde kraftverk og potensial utbygging
Landskap - verdikart sårbart høgfjell
Landskap - verdikart fjordlandskap
Biologisk mangfald - verdikart
Inngrepsfrie naturområde - verdikart (basert på INON 2008 data)
Fisk - verdikart
Kulturminne - kjeldekart
Friluftsliv - verdikart
Reiseliv - kjeldekart
Hovudliner for planprosess
Fylkesutvalet vedtok i sak 238/07 å starte opp planarbeid for fylkesdelplan for småkraftverk i Hordaland. Framlegg til planprogram og kart over mogeleg inndeling av planarbeidet i geografiske underområde vart sendt på høyring. Samstundes ba ein om tilbakemelding frå aktørar som ynskte å følgje planarbeidet nærare, som t.d. i ein referansegruppe for planen. I sak 29/08 vedtok fylkesutvalet i februar 2008 endeleg planprogram. Til arbeid med planutkastet vart det sett av eit år fram til februar 2009. Løypemelding om arbeidet vart lagt fram for dei politiske utvala i oktober 2008.
Arbeidsgruppa sitt framlegg til plandokument (mars 2009) vart lagt fram for politiske utval i mars og april 2009, der fylkesutvalet i sak 76/09 gjorde vedtak om justeringar i mål og retningsliner for høyringsutkastet. Frist for å kome med fråsegn var 1.juli 2009, og det kom inn 42 ulike fråsegner. Meir om dei ulike fråsegnene kan ein lese her. Justert planutkast etter høyirng vart lagt fram for kultur- og ressursutvalet 8.september som vedtok å utsetje saka til møte 3.november. Fylkesutvalet hadde saka 19.november, på vegen fram til endeleg vedtak i fylketinget 9.desember.
Arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa for fylkesdelplan for små vasskraftverk har gjennom 13 møte i perioden februar 2008 - februar 2009 utarbeidd eit framlegg til plandokument. Det har vore to synfaringsturar - ein sommartur til Etne, Odda og Ullensvang, og ein hausttur til Vaksdal, Modalen og Masfjorden.
Referansegruppe
Det har vore to møte med referansegruppe for planarbeidet, eit i august 2008, og eit i februar 2009. 20 -30 personar frå kommunar, kraftselskap, nettselskap saman med interesseorganisasjonar for natur, friluftsliv, jakt&fiske, havbruk og småkraftutbygging har vore til stades i tillegg til representantar frå arbeidsgruppa.
Plandokumentet i ulike fasar i planprosessen
Fylkesdelplan for små vasskraftverk 2009-2021 - tekstdel (desember 2009)
Justert planutkast etter høyring - tekstdel (august 2009)
Høyringsutkast småkraftplan frå fylkesutvalet -tekstdel (april 2009)
Høyringsutkast småkraftplan vedlegg sak 76/09 - tekstdel (mars 2009)
Kontaktperson for planarbeidet i fylkeskommunen er:
Anne-Gro Ullaland (55 23 92 80) anne-gro.ullaland@post.hfk.no
Framlegg til planprogram følgjer i hovudtrekk Olje-og energidepartementet sine retningsliner for slik planlegging. Lenke til OED sine retningsliner.
Sjå og energisidene til Hordaland fylkeskommune