Energi - politiske vedtak

 

  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2012
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2011
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2010
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2009
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2008
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2007
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2006
  • Oversyn over vedtak i ulike energisaker i 2004-2005
  • Utval av tidlegare oppslag om energi.
  •  

    Fylkesdelplan for små vasskraftverk vedteke i fylkestinget

    Som første fylke i landet har Hordaland vedteke ein fylkesdelplan for små vasskraftverk. Målsetting med planarbeidet har vore å samle kunnskap om regionale og nasjonale verdiar i mogelege utbyggingsområde for å betre grunnlaget for veging av verdiar/interesser og vurdering av sumverknader i småkraftsaker. I tillegg til å utarbeide fylkespolitiske retningsliner for å sikre at ny fornybar energiproduksjon i små-, mini- og mikrokraftverk ikkje fører til tap av naturmangfald, friluftslivsområde eller landskap av stor verdi. Fylkestinget sitt vedtak 9.desember 2009 i sak 82/09 kan ein lese her. For tilgang på plandokument, fylkespolitiske retningsliner og kartmateriale : Les meir

    Energiplan

    Hordaland har tilgang på store energiressursar, og desse er utgangspunkt for mange viktige verksemder i fylket. Fylkesdelplan for energi 2001-2012 danna grunnlaget for regional energipolitikk, og med mål og retningsliner for energiutviklinga i fylket. I samband med fylkesdelplan for vindkraft 2000-2012 vart det gjort ein arealanalyse om vindtilhøve og konfliktpotensiale.
    Ei evaluering av energiplanen vart lagt fram for fylkesutvalet i sak 75/09. Oppjustert talmateriale vart nytta i arbeid med klimaplan for Hordaland.  I samband med klimaplanarbeidet vart energimåla for fylket oppjustert, og klimaplanen erstattar no energiplanen på dette feltet. 

    Olje og gass

    Olje- og gassverksemd representerar særs viktige næringar i fylket. Gjennom HOG-Energi arbeider ein særleg for å styrke industriell utnytting av naturressursane på norsk sokkel, og legge til rette for utvikling av fornybar energi i eit miljøvenleg perspektiv.

    Småkraftverk

    I perioden 2006-2008 gav prosjektet "Småkraftverk i Hordaland" i regi av Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen råd og støtte til grunneigarar som vurderer bygging av småkraftverk. Fylkeskommunen løyvde kr 600.000,- frå regionalt utviklingsprogram til prosjektet, som har vore gjennomført i samarbeid med kommunar og kraftselskap. Avslutningsseminar vart halde i Samnanger i mars 2009 med Olje- og energiministeren som innleiar. Frå 2009 har Samnanger kommune overteke prosjektet med mål om oppretting av eit kompetansesenter for småkraft. Meir om dette på nettstaden www.kraftsenteret.no.

    Kraftliner 

    300(420)kV Kollsnes -Mongstad

    Fylkesutvalet kravde kabling av BKK sin omsøkte kraftline frå Kollsnes til Mongstad ved to høyringsrundar i 2011.

    Meir om høyring av NVE si innstilling ved fylkesutvalet si handsaming i mai 2011.
    Meir om høyring av tilleggsutgreiing ved fylkesutvalet si handsaming i november 2011.

    420 kV Sima-Samnanger

    Fylkestinget i Hordaland vedtok 11. juni 2008 å klaga på NVE sitt vedtak om konsesjon for 420kV luftline frå Sima til Samnanger og gav fylkesutvalet i oppdrag å utforma klagen.  Vedtak og sak kan ein lese her.

    Anne-Gro Ullaland 02.06.2005 14:04
    Opningstid

    Opningstid

    15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
    15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

    Sentralbord

    Sentralbord

    55 23 90 00
    Kontakt oss

    E-post

    E-post

    hfk@hfk.no

    Post

    Post

    PB 7900
    5020 Bergen

    Besøk fylkeshuset

    Besøk fylkeshuset

    Agnes Mowinckels gate 5
    Sjå kart