Hordaland er blant dei fremste fylka i landet når det gjeld olje/gass og vasskraft. Her skjer også mykje når det gjeld utvikling av anna fornybar energi og forsking. Bergen har mellom anna dei fremste forskingsmiljøa i landet innafor klimafeltet. I sum skaper dette mange nye spennande forretningsmoglegheiter.
Tilskot til næringsutvikling
Energinæringar er ei av innsatsområda i Hordaland.
Les meir om tilskot til næringsutvikling
Olje og gass-sektoren er viktig for Hordaland, med anlegga på Mongstad, i Øygarden og Statoil sine operasjonar frå Sandsli. Like viktig er den svært omfattande leverandørindustrien vi har innafor denne sektoren. Særleg er subseaklyngja sterk i regionen vår. Føresetnadane for oljeindustrien er i endring, og spin off bedriftane blir viktige satsingar for framtida i samband med at teknologiske nyvinningar kan nyttast på nye område. Særleg er subseaklynga i sterk vekst, og det er etablert eit eige nasjonalt ekspertsenter, NCE Subsea.
Fangst og lagring av CO2 på Mongstad er eit stort og viktig prosjekt. Denne satsinga opnar mange moglegheiter for ny næringsverksemd. HOG Energi leiar eit prosjekt for næringsutvikling, industrialisering og samfunnsutvikling knytt til Mongstadutbygginga. Også forskingsmiljøa i Bergen er sterkt knytt til denne satsinga, mellom anna gjennom opprettinga av eit nasjonalt forskingssenter for Subsurfase CO2 storage.
Vasskraft er Noregs største fornybare energikjelde, og Hordaland er eit av dei største vasskraftfylka i landet. Dei fleste større utbyggingane er nok gjort, men kraftverkseigarane gjennomfører mange store oppgraderingar og utbetringar på anlegga. Utbygging av småkraft er også eit viktig bidrag til utbygging av fornybar energi i Hordland. Småkraft kan også vere ein viktig inntektskjelde for mange bønder og andre grunneigarar rundt i bygdene. Hordaland fylkeskommune har difor utarbeidd ein eigen Fylkesdelplan for småkraft og er også med og støttar etablering av Kompetansesenter for småkraft i Samnanger.
Bioenergi er ei fornybar energikjelde med eit stort potensial i Hordaland. Utvikling av dette som næring har likevel gått sakte i fylket vårt. Fylkeskommunen støttar difor eit pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring med 4 millionar kroner, som forvaltast av Osterfjord Næringssamarbeid. Midlane skal nyttast som tilskott til dei som ønskjer å planlegge og etablere anlegg for biobrenselproduksjon og anlegg for produksjon av biovarme. Både Innovasjon Norge og Fylkesmannen si landbruksavdeling jobbar tett opp mot biovarmeentreprenørar når det gjeld rådgjeving og finansiering.
På klimaforsking har Bergen dei fremste miljøa i landet, som til dømes Bjerknes senter for klimaforsking ved Universitetet i Bergen. I Bergen ligg også to av i alt åtte forskingssentre for miljøvennleg energi. I tillegg til senteret for CO2-lagring nemnt over, gjeld det Norwegian Centre for Offshore Wind Energy. Regjeringa foreslår i Statsbudsjettet for 2010 å løyve 20 millionar for å samle all klimaforsking i Bergen i eit eige senter. Senteret skal byggje på den internasjonalt anerkjente kompetansen i Bergen.
Vindkraft er også eit satsingsområde innafor fornybar energi, og Hordaland fylkeskommune utarbeidde i 2002 ein eiga Fylkesdelplan for vindkraft. Utbygginga av vindkraftanlegg på land har så langt gått sakte. Dei siste åra har det derimot vore ei sterk satsing innafor vindkraft til havs. I tillegg til forskingssenteret Norwegian Centre for Offshore Wind Energy, har også ei rekkje bedrifter i fylket satsa på vindkraft til havs, dels som eigarar og utbyggjarar, og dels som leverandørar av varer og tenester. Bedrifter i fylket vårt, saman med bedrifter frå Rogaland og Sogn og Fjordane, har no samla seg i eit eige prosjekt kalla Norwegian Offshore Wind.
Miljømerking og sertifisering kan vere verkty for verksemder for å få konkurranseføremonar. Miljømerking er å formidle eit produkt sine miljøeigenskapar til kundar og brukarar. Miljøsertifisering er at heile verksemda systematisk tek miljøomsyn og formidlar dette til omverda. I aukande grad vel konsumentar og offentlege verksemder produkt som er miljømerka og verksemder som er miljøsertifisert. Det finnes ulike typar miljømerking og sertifisering.
Les meir om miljømerking og sertifisering.
Energi - politiske vedtak
Kontaktpersonar:
Arthur K. Arnesen, olje og gass
Inge Døskeland, vindkraft
Håkon Jordet, bioenergi