Plikt å melde i frå ved planlagt nedlegging av verksemd og oppseiing av tilsette.
Meldeplikt for bedrift
Omstillingslova pålegg verksemder med meir enn 30 tilsette å melde i frå til fylkeskommunen om planlagt nedlegging eller oppseiing av meir enn 90 % av dei tilsette i verksemda. Lova gjeld ikkje dersom verksemda flytter stad innanfor fylket, er under gjeldsforhandlingar eller i konkurshandsaming.
Formålet med meldeplikta er å synleggjere alternativ til nedlegging.
Drøftingsmøte om moglegheiter og tiltak
Fylkeskommunen skal snarast råd og innan 30 dager kalle inn representantar frå verksemda, kommunen, Innovasjon Norge og NAV for eit drøftingsmøte.
Tema for drøftingane vert å vurdere tiltak for vidare drift eller anna alternativ til nedlegging. Det skal vurderast kompensasjons- og omstillingsmoglegheiter for dei tilsette og tiltak for lokalsamfunnet.
Avgjersle om nedlegging må vente i 30 dager
Endeleg avgjersle om nedlegging kan ikkje fattast før 30 dagar etter at fylkeskommunen har motteke meldinga frå verksemda. Dersom forhandlingane ikkje held fram, skal fylkeskommunen melde i frå snarast råd til leiinga av verksemda og dei andre deltakarane på drøftingsmøtet.
Dersom det vert fatta vedtak om nedlegging, uten at meldinga er sendt til fylkeskommunen, eller at meldinga inneheld alvorlige manglar, kan fylkeskommunen pålegge tvangsmulkt og gebyr.
Omstillingslova
Melding om nedlegging skal sendast til:
Hordaland fylkeskommune
Regionalavdelinga
PB 7900
5020 BERGEN
E-post: regionalavdelinga@post.hfk.no