Treng du hjelp til utforming av forretningsplan, finansiering eller tilskot, kurs, nettverk eller inspirasjon til vegen vidare?
Regionråda
I tidlig fase bør ein kontakte regionrådet for nærmare hjelp. Dei tilbyr etablerarkurs for dei i tidlig og vidarekomne fase. I tillegg har dei gode råd i korhen du vidare kan fortsette ferda di.
Kommunane
Kontakt din kommune for rettleiing og hjelp vidare. Endel kommunar har sine rettleiarar gjennom Regionråda.
Kom-an.no
Nettstad med oversyn over alle tilskot, finansieringsordningar, aktørar, kontakpersonar, kurs med meir for gründera, etablerarar og rettleiarar i Hordaland.
Finansiering til bedrift
Innovasjon Norge i Hordaland gjev rettleiing til etablering av ny eller eksisterande verksemder i Hordaland. Her stilles høge krav til innovasjonsgrad, kompetanse og potensialet. Les meir på Innovasjon Norge sine sider.
Tilskotsordningar frå fylkeskommunen
Det finns fleire ulike tilskot i Hordaland fylkeskommune. Her finns ei beskriving og kontaktperson for kvar einskilde tilskotsordning.
Bedin.no
Nasjonal teneste for hjelp til å starte bedrift. Narviktelefonene er ei nyttig og gratis teneste for alle som treng rettleiing og direkte kontakt med ein rettleiar.
Kontakt oss på næringsseksjonen
Kontakt ein fagperson på næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune for nærmare hjelp og rettleiing med søknad til Regionalt utviklingsprogram.