
Sjølv om bedriftene no møter store utfordringar, evner dei å tenkje langsiktig også i krisetider. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som blir presentert 26. mai.
Nesten kvar tredje bedrift har auka fokus på produktutvikling og FOU. Fleire studiar viser at dei bedriftene som nyttar nedgangstider til å skaffe seg forsprang teknologisk og kompetansemessig, ofte oppnår stor suksess når marknaden snur. Det er derfor godt å få dokumentert at næringslivet på Vestlandet satsar langsiktig.
Kenneth Stien frå NAV presenterte Næringsbarometeret mai 2009 for pressa på fylkeshuset i dag.
Justerer ned aktiviteten
Framtidsutsiktene for store delar av næringslivet på Vestlandet har endra seg kraftig sidan oktober i fjor. Då såg dei fleste for seg at veksten skulle halde fram i 2009, om enn med noko lågare styrke. Det bilete som næringslivet teiknar no, er langt mindre optimistisk. Med unntak av tenesteyting, ventast det no nedgang i alle næringane.
Konkurransen blir hardare og prisane stadig meir pressa. Det er venta eit kraftig fall i investeringane og lønsemda er venta svekka i dei fleste næringane. Hardast råka er bygg og anlegg, reiseliv og industrien. Lyspunkta finn vi innan varehandel og tenesteyting. Innan varehandel er bedriftene mindre pessimistiske i april enn i desember og innan tenesteyting er det no fleire som trur på oppgang enn på nedgong i omsetninga.
Auka arbeidsløyse - sysselsetjinga held seg stabil
Næringslivet er i full gang med å tilpasse kapasiteten til eit lågare aktivitetsnivå. Store delar av industrien og transportnæringa kuttar i talet på tilsette og arbeidsløysa er raskt på veg oppover. Behovet for arbeidskraft varierer mykje mellom bransjane.
Den sterke veksten vi har hatt i sysselsetjinga dei siste åra, synes å bli forsvart også i 2009, trass i den aukande arbeidsløysa. I Næringsbarometeret si undersøking varslar bedriftene samla sett ein vekst på 0,4 prosent i sysselsetjinga i 2009. Det tilsvarer om lag 850 stillingar.
Færre manglar arbeidskraft
Sjølv om rekrutteringsproblema er kraftig redusert sidan i fjor vår, er det framleis delar av næringslivet som slit med å skaffe kompetent arbeidskraft. Kvar tredje bedrift innan verkstadindustri og bygg og anlegg melder om at dei har ledige stillingar som følgje av mangel på kompetent arbeidskraft. Også innan forretningsmessig tenesteyting og reiseliv er det relativt mange som melder om rekrutteringsproblem.
Kraftig nedgang i investeringane
Etterspurnaden etter investeringsvarar ser ut til å bli kraftig redusert, som følgje av at nesten halvparten av bedriftene kuttar i investeringsbudsjettet. Utsiktar til lågare etterspurnad og svekka lønsemd, kombinert med vanskeleg tilgang på kapital, fører til lågare investeringar.
Over 30 prosent av bedriftene svarar at dei har utsett planlagde investeringar som følgje av finanskrisa. Prosentdelen er særleg høg i oppdrettsnæringa og i mekanisk industri.
Næringsbarometer mai 2009.pdf
Pressemelding Næringsbarometeret mai 2009
Meir om Næringsbarometeret og oversikt over tidlegare utgåver