Oppfinnarprisen Hordaland
Oppfinnarprisen for Hordaland vert delt ut for å stimulera til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Det er difor viktig at søkjar har vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si.
Prisen
Prisen er i år på kr 75.000. I tillegg kan juryen gje to personar/miljø heiderleg omtale. Prisen vert delt ut av fylkesordføraren på årets siste fylkesting i desember.
Les meir om;
Retningsliner 2011
Kvinner og unge - igjen
Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med nokre få unnatak. Så langt er det berre menn som har vunne. Fylkeskommunen oppfordrar difor igjen spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.
Må bu i Hordaland
Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette i og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.
Kva er ei oppfinning?
Ei oppfinning er ei praktisk løysing på eit teknisk problem ved hjelp av naturen sine materiale og/eller energi. Oppfinninga kan være eit produkt eller ein framgangsmåte (ref. Store norske leksikon).
Påmeldingsfrist 18. oktober 2011
Påmelding her

Torill Monstad 30.08.2010 10:27