Vi åt kråkebolla på Aqua Nor!

Aqua Nor har mykje å by på, mellom anna politisk suppe og kråkebolla, men også utstillarar og utdanningstilbod. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg var tilstades saman med "delegasjon Vestlandet"

Fellesstand for Vestlandet

Fiskeriforum Vest sto for sjette gong bak fellesstanden for Vestlandsregionen, ”Frå Fjordane til Verda” under årets Aqua Nor i Trondheim.

 

Vestlandsstanden er eit samarbeid med Business Region Bergen og fylkeskommunane på Vestlandet; Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og Rogaland.

 

Standen har mange utstillarar frå heile regionen og er ein viktig møteplass for næringa, offentlege kompetansemiljø og forvaltinga på heile Vestlandet.

 

Høgtidlig opning av standen

Fellesstanden vart opna tysdag kl 13.00 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg frå Hordaland, fylkesordførar Olav Bratland frå Møre og Romsdal, fylkesdirektør Jan Heggheim frå Sogn og Fjordane og administrerande direktør i BRB Asbjørn Algrøy.

 

Kystministeren kom innom

Onsdag besøkte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen standen, og delte ut "politisk fiskesuppe" til gjester og utstillarar. Det vart òg gjennomført eit fagprogram der det blant anna vart gjeve ein presentasjon av rekruttering og utdanning til marin sektor i Hordaland, ved Trond Wahl og Tor Johannes Hjertnes frå Hordaland fylkeskommune.

 

 

Smaker på kråkebolle under Aqua Nor 2011

Bilete:

Smaker på kråkebolle under Aqua Nor 2011

Frå venstre næringssjef Mette Nora Sætre, administrerande direktør i BRB Asbjørn Algrøy, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ”en havets mann” Alf Roald Sætre.

 

18.08.2011 15:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart