Vestlandet størst på maritime næringar

Det meste av verdiskapinga innan marine- og maritime næringar i landet skjer på Vestlandet. Det viser ein ny rapport utarbeidd for Vestlandsrådet. Rapporten viser at 64 prosent av verdiskapinga skjer på Vestlandet. Dette utgjer 10 prosent av Noregs brutto

10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine- og maritime næringar på Vestlandet.
10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine- og maritime næringar på Vestlandet.

Grunn til optimisme
Den marine- og maritime verksemda omfattar fiske, oppdrett, foredling og sal, reiarlag, verft og tenesteleverandørar og utstyrsprodusentar i tilknyting.
– Rapporten gir grunn til optimisme og tru på ei berekraftig utvikling på Vestlandet. At 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine- og maritime næringar på Vestlandet, viser at vi kan meir enn olje og gass, seier leiar av Vestlandsrådet, Tom Tvedt

248 milliardar kroner i omsetnad
Rapporten viser at den maritime næringa på Vestlandet har vel 64.000 tilsette i totalt 7.423 selskap. Dei har ein årleg omsetnad på 248 milliardar kroner. Dette utgjer 60 prosent av omsetnaden innan den maritime næringa i Noreg. Verdiskapinga innan næringa på Vestlandet er på 62 milliardar kroner som utgjer 64 prosent av den totale verdiskapinga innan næringa i landet.

Årsresultat på 27 milliardar kroner
Dei 7.423 selskapa på Vestlandet har eit totalt årsresultat på 27 milliardar kroner.

Les heile rapporten hos Vestlandsrådet

Les rapporten ”Den maritime næringen på Vestlandet” (pdf-format)

Sjå nøkkeltall for den maritime næringen på Vestlandet (powerpoint)

Bjarte Brask Eriksen 13.01.2011 14:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart