Utlysing av midlar til turløyper på Vestlandet

Ein gavepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka. No er tida inne for at lokale prosjekt kan søka om midlar!

Kva kan ein søke om støtte til?
Midlane skal gå til implementering av ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper” som no er under utrulling. Standarden bygger på ein mal for skilting og eit verktøy for gradering som tek omsyn til vanskegrad – graderinga fylgjer fargane grønt, blått, rødt og svart.

Kven kan søka?
Frivillige organisasjonar, destinasjonar og større geografiske områder kan stå som avsendar av ein søknad. Det vert ikkje sett krav til ein gitt modell, men ein legg vekt på at det skal vera eit godt samarbeid mellom det frivillige, reiselivet, kommune og grunnleigar. 

Søknadsfrist er 18. mars 2011.

Kontaktperson hjå Hordaland fylkeskommune: Einar Grieg, tlf. 55239287.

Marta Rongved Dixon 21.01.2011 12:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart