Har du eit godt prosjekt?
Det kan søkjast om medfinansiering til tilretteleggjande utviklingsprosjekt innan regional næringsutvikling, lokalsamfunnsutvikling, entreprenørskapstiltak, konferansar, forstudiar eller forprosjekt.
Innsatsområda er knytt til næringsretta kompetanse, entreprenørskap og innovasjon, internasjonalisering og livskraftige lokalsamfunn og til bransjesatsingar innan sektorane energi, marin, maritim, reiseliv, kulturnæringar og landbruk.
Spesielle tema i 2011
Det er særleg ønskje om søknader innan følgjande tema:
- Reiseliv – ”pakking” av transporttenester
- Maritim – Hordaland som viktigaste maritime senter i Noreg
- Kulturnæringar – meir verdiskaping innan rytmisk musikk
For dei som ønskjer å søke innanfor ”spesielle tema” ber vi om prosjektskisse snarast og helst innan 15.10.2011.
Ta kontakt med oss
Vi oppmodar alle med spanande idear til nye prosjekt og tiltak om å ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge eller dei regionale næringsfonda, avhengig av kva type prosjekt det er tale om.
Fylkeskommunen finansierer normalt inntil 35 % av godkjente prosjektkostnadar, men kan i spesielle tilfelle gå inn med høgare finansieringsdel.
Les retningslinene for tilskot
Midlane skal i hovudsak nyttast innafor det distriktspolitiske området, men kan også i særlege tilfelle nyttast i dei sentrale områda. Midlane kan ikkje nyttast til bedriftsstøtte eller etablerarstøtte. Bedriftsstøtte og støtte til etablerarar vert forvalta av Innovasjon Norge Hordaland. Spørsmål om slik støtte må rettast direkte til Innovasjon Norge Hordaland www.innovasjonnorge.no.
Regionalt utviklingsprogram
Fagpersonar næringsseksjon
Oversyn aktørar og rettleiarar