
Kokk og restauranteigar Alf Roald Sætre serverer kråkebollar til næringssjef Mette Nora Sætre (f.v.), administrerande direktør i Business Region Bergen, Asbjørn Algrøy og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg på den store akvakulturmessa i Trondheim.
Fellesstand for Vestlandet
For sjette året på rad deltek Hordaland fylkeskommune på Aqua Nor i Trondheim 16. til 19. august. Fiskeriforum står bak fellesstanden for Vestlandsregionen, ”Frå Fjordane til Verda”, i samarbeid med Business Region Bergen og fylkeskommunane på Vestlandet; Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og Rogaland.
Standen har mange utstillarar frå heile regionen og er ein viktig møteplass for næringa, offentlege kompetansemiljø og forvaltinga på heile Vestlandet.
Opning
Tysdag opna fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fellesstanden for Vestlandet, saman med fylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal, fylkesdirektør Jan Heggheim i Sogn og Fjordane og administrerande direktør i Business Region Bergen, Asbjørn Algrøy.
Rekruttering og utdanning
Onsdag besøkte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen standen, og delte ut "politisk fiskesuppe" til gjester og utstillarar. Det vart òg gjennomført eit fagprogram der mellom anna Trond Wahl og Tor Johannes Hjertnes presenterte rekruttering og utdanning til marin sektor i Hordaland. I haust startar Fusa vidaregåande skule og Austevoll maritime fagskule eit samarbeid om fagskuleutdanning i akvakultur.