Optimismen rår

Næringslivet i Hordaland er inne i ein ny vekstperiode. Dette kjem fram i siste bedriftsundersøking for Næringsbarometeret i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei fleste bedriftene ventar stabil eller betra marknadsutvikling framover.

Næringsbarometeret.no

Arbeidsløysa går ned

Etter fleire år med auke har arbeidsløysa no begynt å gå ned. Samtidig aukar etterspurnaden etter arbeidskraft.

8.400 fleire arbeidsplassarFoto: West Industri Service AS

Prognosar tyder på at det vert 8400 fleire arbeidsplassar i Hordaland og Sogn og Fjordane i året som kjem. Medan det i 2010 i stor grad var dei tenestytande næringane som hadde sterkast tru på framtida, syner årets resultat at også industri og bygg og anlegg har gode tider.

Betre for industrien

Store delar av industrien melder om stabile eller betra marknadsutsikter, og sentrale næringar som verkstadindustrien og skipsverftsindustrien melder om auke i ordrebehaldninga.

Ordrereserven innanfor bygg- og anleggsnæringa nærmar seg toppåret i 2007, og næringa ventar ei stabil utvikling på dette høge nivået for 2011.

Foto: West Industri Service AS

Arbeidsløysa går ned – auka rekrutteringsproblem

I takt med auka sysselsetting er det igjen ei auke i talet på bedrifter som melder om problem med å rekruttere relevant arbeidskraft til ledige stillingar. Bedriftsundersøkinga tyder på at omtrent kvar tredje bedrift slit med slike utfordringar.

Auke i offentleg sektor
I første tertial i år hadde Hordaland ein reduksjon på arbeidsløysa på 2 prosent. Det er store skilnader mellom ulike yrkesgrupper når det gjeld utviklinga i arbeidsløysa. Det er ein klar tendens at arbeidsløysa går ned i yrke i vareproduserande sektor, medan det er ei auke i yrkesgrupper i offentleg sektor.

NAV ventar at arbeidsløysa vil halde fram med å gå ned i 2011 og 2012. I følgje dei siste prognosane til Arbeids- og velferdsdirektoratet kan arbeidsløysa på landsnivå bli redusert med om lag 3 prosent i 2011. I prognosane frå desember trur NAV Hordaland på uendra arbeidsløyse, men utviklinga så langt tyder på at Hordaland kjem til å få ein nedgang i 2011. Bedriftsundersøkinga er med på å forsterke trua på dette.

Bedriftsundersøkinga som omfattar rundt 1470 bedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les siste blad på Næringsbarometeret.no

Tidligare rapportar av Næringsbarometeret

DOF-mannskap vert drilla under ein oljevern-øvelse utanfor Mongstad. Foto: Oskar Andersen.
DOF-mannskap vert drilla under ein oljevern-øvelse utanfor Mongstad. (Foto: Oskar Andersen.)

Jon Erik Vollan 24.05.2011 09:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart