Oppfinnarpris til Geir Instanes for avansert korrosjonsmålar

Geir Instanes, i verksemda ClampOn AS, er tildelt Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2011. Han får prisen for å ha utvikla ein korrosjonsmålar til bruk både på overflate- og undervassinstallasjonar i olje- og gassverksemda.

Korrosjonsmålaren er eit instrument som nyttar ultralyd til å måla endringar i tjukkelsen på veggane og kan kalkulere erosjonsraten. Til no har ein vore avhengig av å gjera manuelle målingar, noko som er kostbart og tidkrevjande.

Juryen vurderer oppfinninga som eit viktig bidrag i ei svært viktig regional næring. Juryen peikar vidare på at intraprenørskap, det vil seia nyskaping og utvikling i eksisterande verksemder, er svært viktig for verdiskaping.

Vinnar av oppfinnarprisen, Geir Instanes, vert gratulert av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Vinnar av oppfinnarprisen, Geir Instanes, vert gratulert av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Pristildelinga

Oppfinnarprisen vart delt ut av fylkeordførar Tom-Christer Nilsen under fylkestinget sitt møte i Bergen tysdag 13. desember.

Prisen er på kr 75 000 kr. Diplom og blomster følgde også med.

Oppfinninga

Oppfinninga til Instanes har fått namnet «ClampOn Subsea Corrosion-Erosion Monitor (CEM)».

Å oppdaga og måla korrosjon og erosjon på røyrledningar til olje- og gassinstallasjonar er viktig for å få oversikt over slitasje og eventuelle feil, og for å redusera vedlikehaldskostnadene. Dette gjeld både for overflate- og undervassinstallasjonar.

Faktorar som til dømes temperaturvariasjonar, strøyming i røyr og bølgjer er med på å vanskeliggjera målingar under vatn. Behovet for ein påliteleg korrosjonsmålar som verkar heilt ned til 3000 m djup er stort.

ClampOn sitt hovudkontor ligg i Bergen. Her finst òg produksjonslokale og FoU-avdelinga. Selskapet har òg kontor og agentar rundt om i heile verda. Produksjon av sensoren skjer i Bergen. Produktet er i sal ulike stader i verda. Oppfinnaren har nytta nettverket til NCE Subsea for å realisera ideen. Innovasjon Norge har vore med og støtta oppfinninga med IFU-tilskot.

Heiderleg omtale

Torbjørn Aasen får heiderleg omtale for oppfinninga han har kalla «One2Touch», og professorane Helga Svendsen og Lars Akselen får heiderleg omtale for oppfinninga «Ny målretta behandling av livmorkreft». Det er andre gongen ei kvinne får heiderleg omtale.

Avansert tastatur

Aasen si oppfinning «One2Touch» er eit patentert batterifritt og trådlaust tastatur, som skal brukast til mobile applikasjonar som mobiltelefonar, smarttelefonar og anna handhalde utstyr.

«One2Touch» let brukaren leggja til dømes smarttelefonen direkte på tastaturet, og så kan tastaturet enkelt brukast. Tastaturet krev lite straum og får straum frå telefonen, og det er difor ikkje behov for anna straumtilførsel. På denne måten kan ein nytta mobilen meir effektivt.

Sidan marknaden for mobiltelefoni i Asia og spesielt i Japan er den mest avanserte i verda, har oppfinnaren vald å satsa i denne marknaden først. Det er gjort avtale om introduksjon i den japanske marknaden med 300 000 einingar over 3 år.

Torbjørn Aasen, ein multigründer, ingeniør og tidlegare vinnar av Oppfinnarprisen. Aasen har fått etablerarstipend frå Innovasjon Noreg, og hjelp frå Bergen Tekologioverføring (BTO) blant anna til å kommersialisere produktet. Det er no eit breitt samansatt team og nettverk som arbeider med «One2Touch».

Frå venstre: Vinnar av oppfinnarprisen 2011 Geir Instanes, deretter Torbjørn Aasen, Helga Svendsen og Lars Akseln som fekk heiderleg omtale for sine oppfinningar, og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Frå venstre: Vinnar av oppfinnarprisen 2011 Geir Instanes, deretter Torbjørn Aasen, Helga Svendsen og Lars Akseln som fekk heiderleg omtale for sine oppfinningar, og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Livmorkreft

Professor Helga Salvesen og professor Lars Akslen har oppdaga nye biomarkørar som identifiserer om pasienten, på eit tidleg stadium, har ei aggressiv form for livmorkreft. Biomarkøren indikerer kva medisin som er best eigna for behandling av den enkelte pasient. Oppdaginga kan gje kreftlegane høve til å skreddarsy behandlinga til den enkelte pasient.

Forsking er gjort i samarbeid med Massachusetts Institute of Technology (MIT), Dana Farber Cancer Institute og Harvard University i USA. Gjennom Bergen Teknologioverføring (BTO) har oppfinnarane etablert eit samarbeid med det amerikanske selskapet Ovagene Oncology for å kommersialisert oppfinninga. Produktet er patentert og kom i sal på den amerikanske marknaden frå august 2011.

Oppfinnarane er del av eit stadig sterkare og godt forskningsmiljø i Hordaland på kreft.

14 kandidater

Hordaland fylkeskommune har delt ut Oppfinnarprisen sidan 1993, og i år var det 14 kandidatar som meldte si oppfinning på i konkurransen. Mange av desse var svært gode oppfinningar, men vil vera meir eigna til å motta oppfinnarprisen om nokre år når oppfinninga har teke større steg mot ein marknad.

Juryen

Juryen har vore samansett av:
Torill Vebenstad, Hordaland fylkeskommune.
Rolf Sørland, Innovasjon Norge.
Svein Hatlem, NHO.
Øystein Stavø Høvig, Senter for nyskaping, Høgskolen i Bergen.
Jan Olav Ormberg. Acapo (tidlegare Bergen Patentkontor).
Roger Pilskog, LO.

Regionalavdelinga v/næringsseksjonen er sekretariat for oppfinnarprisen.

Stanley Hauge 14.12.2011 08:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart