Korleis bli ein føretrekt region for arbeid, busetting og oppleving? På Nordhordlandskonferansen 10. juni finn dei svaret!
Viktig konferanse og tema
Nordhordland som region vil oppleve ein stor vekst dei neste åra og nærleiken til Bergen blir endå tettare og tydelegare på ei rekkje område. Korleis skal Nordhordland førebu seg på denne veksten? Og korleis skal Nordhordland bygge opp eit sterkt omdøme som ein attraktiv region? Kva rolle har kommunar og det offentlege i framtidig samfunnsutvikling i Nordhordland? Dette er mellom dei tema som vert tatt opp på NK 11.
Målgruppa er fleire
Ved å skape ein ny møteplass som Nordhordlandskonferansen, samlar ein dei ulike aktørane innan kommunal forvaltning, politikk og næring med føremål å arbeide med vertskapsrolla til regionen og den einskilde kommune. NK 11 har som føremon å etablere årvisse seminar innan busetting, næringsutvikling, turisme og merkevarebygging, der kunnskap og erfaring delast mellom dei ulike partane. Målgruppa for konferansen er alle offentlege instansar og ressursar som arbeider med strategi, utvikling og planar på regionalt nivå, samstundes vert næringsliv innan alle område ynskt velkomen.
Meir om konferansen:
Program
Påmelding