Tenke globalt, handle lokalt
Gjennom eit fleirnasjonalt EU-prosjekt er målet å redusere utslepp frå skip for å betre luftkvaliteten i fleire byar, inklusiv Bergen. Clean North Sea Shipping (CNSS) er eit prosjekt beståande av 18 partnarar frå 6 ulike land rundt Nordsjøen. Prosjektet er leia av Even Husby ved Hordaland fylkeskommune.
Saman skal partane arbeide om felles mål om reduksjon av forureining og forbetre luftkvaliteten. Ein viktig måte å gå fram på er å skape forståing og å dele kunnskap om problematikken. Det vert viktig å overbevise EU-politikar, havnevesenet og shippingbransjen, i tillegg til sentrale og regionale mynde i kvart land om kva som bør gjerast lokalt.
Kva kan gjerast?
På teknologisida vil ei rekke tiltak bli vurdert inklusiv bruk av LNG som drivstoff, tilrettelegging for landstrøm, samt ny teknologi for reduksjon av utslepp frå skip. Prosjektet vil og, med utgangspunkt i ein omfattande database og simuleringsmodell, vurdere ulike scenario for reduksjon av utslepp. Arbeidet vil munne ut i ein strategi for reduksjon av utslepp og eit sett med anbefalingar og tiltak.
Clean technology
Ein ny rapport presenterar korleis luftforureining frå skip kan reduserast og kvifor dette er viktig. Rapporten finn du på www.cleantech.cnss.no.
Bilete: Hamburg er ei av Europas største havner. Foto: CNSS/ Hamburg.de
Kven er med i prosjektet
Prosjektet omfattar fleire hamner, bedrifter, forskingsmiljø og offentlege organisasjonar i Nord-Europa. Frå Hordaland er Bergen kommune, GasNor og BKK med i prosjektet saman med Hordaland fylkeskommune.
Den 22-23 november vert det arrangert ein workshop rundt utfordringane med å tilby landstrømstilkopling for skip. Dette blir arrangert i Bergen.
Les meir om prosjektet på www.cnss.no