Kva innbyggjarane veit om fylkeskommunen

Kva for assosiasjonar og kjensler får dei når dei ser logoen eller høyrer namnet? Kva for tenester er dei nøgde elle misnøgde med? Resultata frå ei omdømeundersøking utført for fylkeskommunen av Ordkraft AS er no klare.

Fylkestingsrepresentantar, samarbeidspartnarar og dei tilsette har òg delteke for å gje samanlikningsgrunnlag.  Her er nokre av funna i rapporten:

Innbyggjarar i Hordaland (Kap.4-5)
• Innbyggjarane er mest nøgde med desse fylkeskommunale tenestene:
• Ungdomskort for kollektivtrafikk (72 %)
• Tannlegetenesta for born og unge (68 %)
• Dei vidaregåande skulane (67 %)
• Yrkesretta fagskular (61 %)

Ungdomskort for kollektivtrafikk er noko av det innbyggjarane i Hordaland er mest nøgde med.

• 5 av 10 meinte i november 2010 at kvaliteten på busstilbodet i Bergen og Hordaland var dårleg.  24 % var nøgde med busstilbodet og 25 % svara ”verken eller.”  55 % var nøgde med Bybanen. 22 % var ikkje nøgde.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

• 39 % av innbyggjarane svarar korrekt at  fylkesordføraren i Hordaland heiter Torill Selsvold Nyborg. 18 % trur at fylkesordføraren heiter Lars Sponheim (han er fylkesmann), medan 43 % svarar at dei ikkje veit.

• 31 % av innbyggjarane veit at koalisjonen FrP/H/KrF styrer fylkeskommunen. 13 % meiner det er Ap/KrF/SP.  40 % svarar ”veit ikkje.”

• 59 % av innbyggjarane får ingen kjensler eller assosiasjonar når dei ser eller høyrer namnet Hordaland  fylkeskommune. 27 % får positive kjensler og 14 % får negative.

39 av 100 innbyggjarar i Hordaland veit at Torill Selsvold Nyborg er fylkesordførar.

• Eit fleirtal av innbyggjarane meiner Hordaland fylkeskommune er ”konservativ,” ”viktig” og ”ansvarleg.”

• 50 % av innbyggjarane meiner at fylkeskommunen er viktig for utviklinga av Hordaland fylke.

• 25 % er heilt samde i påstand om at fylkeskommunen løyser sine oppgåver med høg kvalitet. Det store fleirtalet svarar ”verken eller” eller ”inga meining.”

Fylkestingsrepresentantar (Kap.7)
• Fylkestingsrepresentantane har generelt eit langt meir positivt syn på fylkeskommunen enn alle andre grupper.

• 69 % får umiddelbart positive assosiasjonar til Hordaland fylkeskommune.

• Eit stort fleirtal meiner fylkeskommunen er ”ansvarleg,” har ”høg kompetanse” og ”viser respekt.”

• Eit like stort fleirtal meiner at fylkeskommunen ikkje er prega av å vera ”effektiv.”

• Fylkestingsrepresentantane er mest nøgde med kvaliteten på vidaregåande skular, tannlegetenester og ungdomskort. Dei er minst nøgde med busstilbodet.

• 71 % av fylkestingsrepresentantane meiner at fylkeskommunen løyser oppgåvene sine med høg kvalitet.

Samarbeidspartnarar/nøkkelinteressentar (Kap.6)
• Eit fleirtal av nøkkelinteressentane meiner Hordaland fylkeskommune er ”ansvarleg,” ”truverdig” og ”konservativ.”

• 46 % av nøkkelinteressentane har positive kjensler i forhold til HFK. 5 % har negative kjensler og 49 % svarar ”verken eller.”

• HFK skårar høgt på å vera ”rettskaffen” og ”open.”

• HFK skårar lågt på ”tilpasningsdyktighet,” ”sakshandsamingstid” og ”å sette innbyggjarane fremst i prioriteringar.

• 45 % meiner at fylkeskommunen løyser sine oppgåver med høg kvalitet.

Tilsette i Hordaland fylkeskommune (Kap.8)
• Eit fleirtal av dei tilsette meiner Hordaland fylkeskommune er ”ansvarleg,” ”viktig” og har ”høg kompetanse.”

• Fleirtalet meiner fylkeskommunen er lite prega av å vera ”effektiv,” ”utradisjonell,” ”kreativ,” ”fleksibel” og ”moderne.”

• 93 % av dei tilsette opplever å ha eit meiningsfullt arbeid i Hordaland fylkeskommune.

• 9 av 10 meiner at arbeidet dei har er viktig for fylkeskommunen sitt omdøme.

• 8 av 10 tilsette opplever at dei er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.

• 6 av 10 tilsette er stolte av å jobbe i Hordaland fylkeskommune.

• Mange tilsette er i tvil om fylkeskommunen sine oppgåver vert løyste godt nok, om dei bidreg til å gjere Hordaland til eit attraktivt fylke og om innbyggjarane sine interesser står fremst i prioriteringar.

• 3 av 10 meiner at fylkeskommunen har eit godt omdøme.

• 2 av 10 meiner at fylkeskommunen tilpassar seg lett til samfunnsendringar. 

• 2 av 10 meiner at fylkeskommunen er overflødig.

Samanlikningar mellom gruppene
Omdømerapporten utdjupar og underbyggjer alle funn som er omtalt her. Det er òg gjort samanlikningar av svar frå dei fire respondentgruppene i tekst og figurar. Vi kan mellom anna visa til figurane på sidene 40, 48, 49, 50, 52 og 62 i rapporten. Alle spørsmålsskjema som vart utsendt finst i vedleggskapittelet (kap.9).

Dei viktigaste funna i eit omdømeperspektiv
Sett i omdømeperspektiv er det grunn til å merka seg dei viktigaste funna som er omtalt i rapporten sitt samandrag (s.6-7):
• Hordaland fylkeskommune har ein synleg logo – men folk flest har få klåre assosiasjonar til denne.
• Hordaland fylkeskommune gir ikkje inntrykk av å vera effektiv eller lett i stand til å tilpassa seg endringar i samfunnet.
• Hordaland fylkeskommune blir opplevd som ansvarleg, truverdig og med høg kompetanse.
• Innbyggjarane har generelt  inntrykk av god kvalitet på fylkeskommunen sine tenester, unnateke busstilbodet.
• Hordaland fylkeskommune gir ikkje inntrykk av at ein set innbyggarane fremst i prioriteringane sine.
• Det er ungdom mellom 16 og 24 år som har det beste inntrykket av Hordaland fylkeskommune.

Dei viktigaste utfordringane i høve til HFK sitt omdøme
Rapporten gir òg tilrådingar om nokre utfordringar som desse funna gir i høve til å styrkja fylkeskommunen sin identitet og omdømet i befolkninga (s.6-7):

• Hordaland fylkeskommune sin synlege posisjon og logo må fyllast med eit innhald som byggjer på eit klårt mål (visjon) og åtferdsverdiar som imøtegår evt. negative inntrykk. 
• Det er stort potensial i at svært mange innbyggjarar har få eller ingen assosiasjonar til fylkeskommunen og heller ikkje har særleg inntrykk av kvaliteten på tenester og oppgåver som fylkeskommunen tek seg av.
• Hordaland fylkeskommune må kommunisera betre:
• kva fylkeskommunen gjer og kvifor.
• at kompetanse, tenester og utviklingsarbeid kjem alle i fylket til gode.
• fylkeskommunen si politiske rolle.
• Hordaland fylkeskommune bør satsa spesielt på kommunikasjon med ungdom. 

Fakta om Omdømerapporten "På sporet av en identitet"
- Ei kartlegging av inntrykk og oppleving av Hordaland fylkeskommune blant innbyggjarar, samarbeidspartnarar, fylkestingsrepresentantar og eigne tilsette. 

Som forarbeid til ein pågåande identitetsprosess som går føre seg internt i organisasjonen er det gjennomført ei kartlegging av inntrykk og oppleving av Hordaland fylkeskommune blant innbyggjarar (n=1098, webpanel), samarbeidspartnarar/nøkkelinteressentar (n=235, svarprosent:71), fylkestingsrepresentantar (n=30, svarprosent 54) og eigne tilsette (n=2721, svarprosent 60). 

Spørjeundersøkinga for tilsette vart gjennomført i september 2010  og for innbyggjarar, nøkkelinteressentar og fylkestingsrepresentantar i november 2010. Spørjeskjema vart utvikla av Hordaland fylkeskommune (organisasjonsavdelinga) i samarbeid med Ordkraft AS som sto ansvarleg for teknisk gjennomføring, samt analyse og rapportering.  Rapporten ”På sporet av en identitet” er skriven av Ordkraft og vart overlevert til Hordaland fylkeskommune i april 2011.

Funn i rapporten vert brukt i det pågåande identitetsarbeidet, som omfattar utvikling av overordna visjon og åtferdsverdiar for tilsette i Hordaland fylkeskommune, samt utvikling av ny visuell profil.

Heile omdømmerapporten (pdf) 

Arild Sondre Sekse/ Jon E. Vollan 24.06.2011 10:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart