Kva er avgjerande for at gründeren lukkast eller ei?

På Entreprenørskapskonferansen 30. november vil gründersuksess vere eit sentralt tema. Korleis kan det offentlege bli betre på å støtte gründeren og korleis vert egentlig ein gründer til?

Eg vart gründer!

Programmet for konferansen er klart og her finns fleire godbitar verd å få med seg. Lær mellom anna meir av ein Hordalandsgründer om korleis vegen vart til frå idé til bedrift.

Flerkulturell verdiskaping

Korleis kan vi bli betre på å mobilesere til verdiskaping? Lær meir om erfaringar og arbeid med etablerartenester for innvandrarar i Hordaland ved Zahra Moini.

Møteplass for alle

Alle kan delta på konferansen, i tillegg er den gratis å vere med på. Målgruppa er likevel dei som arbeid i førstelinja som rettleiar for etablerarar eller som arbeid med entreprenørskap i Hordaland.

Korleis bli betre i Hordaland

Eit sentralt tema på konferansen er korleis kan det offentlege i Hordaland verte endå betre i å støtte gründera og etablerarar i tidlig fase. Kva gjer vi i dag og korleis kan vi bli betre. Kompetanseprogrammet for kommunar, kalla Kommuneprosjektet skal evaluerast før konferansen. Resultata vil verte presentert og drøfta på konferansen over ein kaféborddiskusjon med deltakarane.

Festmiddag på kvelden

Nytt av årets møteplass er ein festmiddag på kvelden. Her skal deltakarane kunne møtast og fritt snakke om verdsproblem og idear. Vi voner dette vil vere eit viktig tillegg i konferansen, slik at det vert ekstra kvalitetstid til å møtast og snakkast mellom ein annan, seier Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune saman med Per Arve Frøyen frå Innovasjon Norge.

Invitasjon til kompetanseheving på dag to

På dag to, den 1. desember er det mogleg å melde seg på spesialkurs for førstelinja. Her vil dei kunne velje mellom to kursalternativ. Forretningsmodellering handlar om lønsemd ved vidareutvikling av forretningsmodellane, arrangert av Yngve Dahle frå Viaduct AS.

Kurs i kundedialog fokuserer på haldningar og samtaleforum i møte med etableraren. Her vil deltakarane lære meir om korleis verte bertre på å ha samtalar som motiverer, realitetsorienterer og bidreg til nyskaping. Kurset er ved Tone Grøver frå Dialog og Utvikling AS.

Meir informasjon om kompetansekursa

Påmeldingsfrist er 24. november 2011.

Påmelding til konferansen

Programmet og infoside

Jon Erik Vollan 11.11.2011 12:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart