Bransjetreff for betre samarbeid
Arrangementet er ei samanslåing av aktørane sine eigne bransjetreff, der målet er betre samarbeid, nettverksbygging og fagleg utvikling i næringa. Siste torsdagen i månaden vil stå i kultursamarbeidet sitt teikn, vert det påpeika.
Tverrfagleg oppleving
Ansvaret for å arrangere månadens Manøver vil gå på omgang mellom dei fem samarbeidspartnarane, men kvart arrangement vil opne for tema frå fleire miljø. Slik blir kvar ”Manøver” ei tverrfagleg oppleving.
Fleire vil oppleve scenekunst
Kultur er ei prioritert næring i vår region, fortel prosessansvarleg Monica Hannestad, i Design Region Bergen. – Film og media, musikk, miljø rundt kunst, scenekunst og design har alt å tene på å samarbeide på tvers. 
Besøkstala på kulturarrangment er i stadig vekst og 2011 vert etter alt å døme eit rekordår.
Tek utviklinga på alvor
Denne utviklinga tek Hannestad og resten av kulturaktørane på alvor.
- Vi bur i ein levande kulturregion, og arbeider for å bli ein leiande region i Norden. Derfor står vi no saman om Manøver. Den siste torsdagen i månaden er vår.
Den fyrste "Manøveren" vert 27. januar, på Logen.
Bak Manøver står Bergen Media By, Design Region Bergen, Proscen, Visp og Brak.
Kulturaktørane:
- Visp er kompetansesenteret og nettverksorganisasjonen for det visuelle kunstfeltet på Vestlandet, og arbeider for å betre og leggje tilrette vilkåra for produksjon og formidling av visuell kunst i Bergen og Hordaland.
- Brak er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brak fungerer som kontaktpunkt, kompetansehevande organ og ei hjelpande hand for aktørane innan det rytmiske musikkmiljøet i regionen.
- Design Region Bergen skal gjere bergensregionen til ein av dei leiande i Norden innan designdriven nærings- og samfunnsutvikling. DRB sine oppgåver er å informere og inspirere, vere pådrivar og bringe menneske saman for å skape handling og nye designløysingar.
- Proscen er eit interesse-/nettverksorganisasjon og kompetansesenter for scenekunstfeltet på Vestlandet, med fokus på produsentleddet. Formålet er å betre vilkåra for fri scenekunst gjennom rådgjeving, rettleiing og yting av produsenttenester, og som representant for heile feltet i offentlege fora.
- Bergen Media By jobbar med å styrke og utvikle film- og medienæringane i Bergensregionen. Bergen Media By sine oppgåver er å skape møteplassar, utvikle nettverk og kompetanse, og å arbeide som eit organ for å sikre bransjen gode rammevilkår.
Les meir om:
-Kulturnæringane som prioritert næring i Hordaland fylkeskommune
-Tilsegn gjeven til kulurnæringar i 2010