Årets kvinnegründer kjem frå Paradis

Årets gründerkvinne kjem frå Paradis i Bergen. Silje Vallestad presenterte bedrifta si på den årlege næringskonferansen i Hordaland. Ho har utvikla Bipper, eit dataprogram for foreldre som vil ha kontroll over mobilbruken til barna.

På den årlege næringskonferansen deltok mellom anna fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.), årets gründerkvinne Silje Vallestad, næringssjef i Hordaland Mette Nora Sætre, og næringsrådgjevar Jon-Erik Vollan i Hordaland fylkeskommune. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
På den årlege næringskonferansen deltok mellom anna fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.), årets gründerkvinne Silje Vallestad, næringssjef i Hordaland Mette Nora Sætre, og næringsrådgjevar Jon-Erik Vollan i Hordaland fylkeskommune. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Ein million koner i premie
Det er Innovasjon Norge og Nærings- og handelsdepartementet som kårar Årets gründerkvinne. Tildelinga til Silje Vallestad skjedde 8. mars og premien på ein million kroner vart overrekt av nærings- og handelsminister Trond Giske. På næringskonferansen fortalde Vallestad om ideen sin. Dataprogrammet kan mellom anna nyttast til å styre kor mykje pengar barna bruker gjennom mobiltelefonen. Ein kan og finne ut kvar barna er.

252 gasellar i Hordaland
Den årlege næringskonferansen er ein nyttig møteplass for næringsutvikling i Hordaland. Etter ein periode med finanskrise, konsolidering og omstrukturering, er det no vekst innanfor dei fleste delane av næringslivet i fylket. Eitt av hovudtema på konferansen var vekstbedrifter. Redaktør i Dagens Næringsliv, Amund Djuve, fortalde om Gasellane, som han meiner er dei viktigaste bedriftene i Hordaland. Dagens Næringsliv lanserte omgrepet ”gaselle” i 2002. Det er bedrifter som minst har dobla omsetnaden dei siste fire åra, har hatt minst ein million kroner i omsetnad det første året, skal ha positivt samla driftsresultat og unngått negativ vekst i perioden. I fjor var det heile 252 slike bedrifter i Hordaland.

Sosial entreprenørar
Eit anna tema på konferansen var sosialt entreprenørskap. Dette handlar om å starte ei bedrift som skal løyse eit sosialt problem som miljø, utdanning, helse, menneskerettar eller økonomisk utvikling. Sosiale entreprenørar nyttar metodar og verktøy frå forretningsverda for å gjere verda litt betre. Det norske industri- og finanskonsernet Ferd har gjort noko konkret på dette området og viste korleis dei skapar varige verdiar og set tydeleg spor etter seg i eit lokalsamfunn.

100 deltakarar
Næringskonferansen vart skipa til av Hordaland fylkeskommune på Hotel Radisson Blu Bryggen i Bergen og samla 100 deltakarar frå offentlege verksemder og det private næringslivet.

100 personar frå det offentlege og private deltok på næringskonferansen.
100 personar frå det offentlege og private deltok på næringskonferansen.

Bjarte Brask Eriksen 13.04.2011 13:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart