Meir enn 6 millionar kr
Gjennom Arenaprogrammet får Maritime CleanTech West tilført midlar til å vidareutvikla klyngesamarbeidet mellom verksemdene. Det skal også styrkja samarbeidet med forskings- og utviklingsmiljøa. I løpet av ein 3-års periode får Sunnhordland 6 millionar frå Innovasjon Norge sentralt, i tillegg er det mulegheit for meirfinansiering frå Innovasjon Norge i Hordaland.
SNU til det betre
I tett samarbeid med dei maritime verksemdene i regionen har næringsutviklingsselskapet SNU ved Hege Økland leia forprosjektet som no har resultert i Arenastatus. Deltakarverksemdene har samla seg om felles mål og strategiar for Arena-prosjektet. Dette skal styrkja konkurransekrafta til den petromaritime næringa på sørvestlandet ved utvikling av miljøteknologiske løysingar.

F.v: Statssekretær i NHD Halvard Ingebrigtsen, Politisk rådgiver Anja Kristin Salte Hjelseth i KRD, Hege Økland (SNU/Maritime CleanTech West) og Ingve Sørfonn (Wärtsilä/Maritime CleanTech West).
Saman om ny miljøteknologi
Med Arenastatus vil Maritime CleanTech West arbeida målretta med innovasjon og utvikling i klynga og dermed løysa ut fleire miljøteknologiprosjekt, produkt og tenester i verksemdene. Ny teknologi skal saman med eksisterande teknologi bli demonstrert, evaluert og profilert i felles demonstrasjonsprosjekt der næringsaktørar, FoU-miljø og offentlege utviklingsaktørar i klynga samhandlar.
Ved at klyngeaktørane har samla seg om gjennomføring av felles demonstrasjonsprosjekt, får ein prøva ut ny og eksisterande teknologi i ein skala som gir tillit i marknaden.
Nasjonalt klyngeutviklingsprogram
Arenaprogrammet er eit nasjonalt program eigd av Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd. Føremålet med Arenaprogrammet er å stimulera til auka innovasjon basert på samarbeid mellom verksemder, FoU og utdanningsmiljø og offentlege utviklingsaktørar.
Les meir om:
MaritimeCleanTech.no
SNU -samspelsforum for næringsutvikling
Arenaprogrammet
Pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet