75.000 kroner til beste oppfinnar i Hordaland

Den beste oppfinnaren i Hordaland kan få ei påskjønning på 75.000 kroner. Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2011 skal delast ut i desember.

Stimulere kreativitet
– Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 blir delt ut for å stimulere til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Det er difor viktig at interesserte har vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si, seier spesialrådgjevar Torill Monstad ved næringsseksjonen i Regionalavdelinga.

Prisen
Prisen er i år på 75.000 kroner. I tillegg kan juryen gje to personar/miljø heiderleg omtale.
Prisen blir delt ut av fylkesordføraren på desembermøtet til Hordaland fylkesting.

Kvinner og unge - igjen
Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993, med nokre få unnatak. Oppfinnarprisen for 2010 gjekk til oppfinninga CISS (Cupp Integrated Southbridge Solution), frå bedrifta CUPP Computing AS.

Så langt er det berre menn som har vunne, sjølv om kvinner har fått hederleg omtale. Blant anna fekk Brit Helle Aarskog heiderleg omtale for oppfinninga TextUrgy i 2010. Fylkeskommunen oppfordrar difor igjen spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.

Må bu i Hordaland
Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette i og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.

Kva er ei oppfinning?
Ei oppfinning er ei praktisk løysing på eit teknisk problem ved hjelp av naturen sine materiale og/eller energi. Oppfinninga kan være eit produkt eller ein framgangsmåte.
(Store norske leksikon)

Retningsliner og skjema
Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 retningsliner (word)   (pdf)

Påmeldingsskjema (word)    (pdf)

Påmeldingsfristen er sett til fredag 18. oktober 2011.

Påmeldinga skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Regionalavdelinga,
Postboks 7900,
5020 Bergen

Kontakttelefon: 55 23 92 82

Vinnarar av oppfinnarprisen 2010

Bjarte Brask Eriksen 07.09.2011 14:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart