3 mill. kr til omstilling i Hardanger

Flytt til Hardanger fase 2 får 3 080 000 kr i omstillingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune i år.

Hordaland fylkesutval har fordelt omstillingsmidlar  for 2011 til fire prosjekt. Dei tre andre prosjekta som får midlar er:

Inkubatoren Industriutvikling Vest AS i Nordhordland med 750 000 kr, utvikling av industriell kompetanse i Sunnhordland inntil 1,25 mill. kr og inntil 1,6 mill. kr til kommunar i det nye næringshageprogrammet.

Nytt tiltak

Kommunal- og regionaldepartementet og SIVA har vedtatt nytt nasjonalt næringshageprogram som skal strekkja seg over 10-år, og med oppstart 2. halvår 2011. Kvar einskild næringshage  må søkja om opptak i det nye programmet. Det er lagt opp til at SIVA dekkjer 50 %, fylkeskommunane 25 % og deltakarverksemdene 25 % av totale årlege kostnadar.

Summen på inntil 1,6 mill. kr skal dekka fylkeskommunen sin innsats.

Pressemelding om vedtak i Hordaland fylkesutval 23. juni 2011 (pdf-fil)

Stanley Hauge 24.06.2011 10:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart