
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete hadde med seg 1,6 millionar kroner og la ned grunnsteinen til det nye utleigehuset, saman med ordførar Helge Andre Njåstad, i det vetle øysamfunnet Møkster med 100 innbyggjarar i Austevoll.
Stimulere busetnad
Kommunal- og regionalministeren hadde med seg 1,6 millionar kroner som skal stimulere til busetnad i fire små øysamfunn i Hordaland: Møkster i Austevoll, Huglo på Stord, Fjellberg i Kvinnherad og Espevær i Bømlo. Totalt kom det inn 182 søknader gjennom dette livOGlyst-prosjektet frå heile landet.
Glad ordførar
– Vi er glade for å få støtte til søknaden om å løfte fram desse fire øyane. Vi kan no gå i gong med konkrete prosjekt for å fremje tilflytting og trivsel på desse øyane. Tanken er å lære av kvarandre og prøve ulike tiltak. Gjennom arbeid i eit slikt nettverk som livOGlyst no etablerer, vil vi alle i fellesskap få til meir, seier ordførar Helge Andre Njåstad.
Auka tilflytting
Dette er eit regionalt livoglyst prosjekt basert på samarbeid mellom øysamfunna og livOGlyst-prosjekta Fjellberg i Kvinnherad, Huglo på Stord, Espevær på Bømlo og Møkster i Austevoll. Ei overordna målsetting er auka tilflytting, integrering og busetnad. få på plass utleigebustader står sentralt i prosjekta. På Møkster la ministeren ned grunnsteinen til eit utleigehus med to bustader.
Det småsamfunn slit med
– Dette er eit prosjekt eg likar godt, og som grip fatt i kjernen ved det mange småsamfunn slit med, nemlig tenlege og attraktive leigebustader. Felles for alle dei fire øysamfunna i dette prosjektet er at dei kjempar for å halde folketalet oppe og helst få nye innbyggjarar til sine småsamfunn, men manglar ledige bustader, seier statsråden.
Skal skaffe arbeid
Prosjektet vil og jobbe aktivt for å få nye innbyggjarar til øysamfunna og freiste å bidra til at dei kan få relevant arbeid i området.
Inspirasjon
– Dette prosjektet kan vere til stor inspirasjon for andre småsamfunn i heile Noreg og eg gler meg til å sjå kva resultat dei klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Samarbeid
LivOgLyst-programmet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge Hordaland og Sparebanken Vest, og har som føremål å stimulere lokal utviklingskraft på ein systematisk og langsiktig måte.

Mange møtte fram på øya Møkster for å møte kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Meir om livOglyst