Påminning - utlysing av prosjektmidlar 2010

Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar har fokus på utvikling og kommersialisering av verksemd med utgangspunkt i artane kamskjel, blåskjel, østers, kveite, torsk, hummar og kråkebolle. Totalramma i 2010 er NOK 2,7 mill. Søknadsfrist er 31. august.

torsk er ein oppdrattsart det skan søkjast støtte tilTorsk Torsk er ein oppdrettsart det kan søkjast støtte til gjennom Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar.

I 2010 her ein vald å rette utlysninga for midlane mot utfordingar knytta til optimalisering og stabilisering av yngelproduksjon i marine klekkeri med vasskvalitet/ vassmiljø som tema.

Type prosjekt: • Utviklingsdelen og nytteverdien for bedriftene må vere framtredande • Det er positivt om prosjektet famnar bedrifter i fleire fylke og gjerne fleire artar • Prosjekta kan gå over inntil 3 år • Ein ønskjer å gje støtte til større prosjekt.

Det er positivt viss prosjektet kan vise til samfinansiering med t.d. SkatteFUNN.

Kven kan søke?

Både verksemder, FoU-miljø og næringsorganisasjonar kan søke. Søknaden må ha si hovudtilknyting til og vere forankra i ”nye artar bedrifter” i eit eller fleire av Vestlandsfylka, men bedrifter og/eller FoU miljø frå andre fylker kan vere deltakarar.

Last ned søknadsmal.

Utfyllande om søknaden:

Søknadsmalen skal nyttast til søknaden. Søknaden skal vere signert av prosjektansvarleg. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama.

Den offentlege finansieringa (VP + evt. anna offentleg støtte) av prosjektet bør ikkje vere større enn 50 % av totalbudsjettet. Eigenfinansiering kan vere både eigeninnsats i form av arbeid og kontantar.

Søknad sendast til:
Som e-post (pdf-fil): lisbeth.nervik@sfj.no
På papir: Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar c/o Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Lisbeth Nervik Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger

For meir informasjon sjå: www.vestlandsraadet.no

Søknadsfrist: 31. august 2010

20.08.2010 11:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart