Petroleumsindustri til Barentshavet er programmet som bidrar til auka samarbeid mellom bedrifter i nord og vest. Gjennom samarbeid vinner ein styrka marknadsposisjon i dei nye marknadane i nord.
Kostnadseffektive løysingar
Samarbeid med ei nordnorsk bedrift kan gi bedrifter kostnadseffektive løysingar, naudsynte nettverk og lokal kompetanse. Og gjennom dette vert vegen kortare til oppdrag innan olje- og gassindustrien i nord.
Strategiske alliansar
Petroleumsindustri til Barentshavet er eit strategisk nettverks- og matchmakingsprogram som legg til rette for kompetanseheving, ulike samarbeidsprosjekt og strategiske alliansar. Dette for at bedriftene saman skal stå styrka i kampen om leveransar til framtidige utbyggingsprosjekt og driftsoppdrag til olje- og gassindustrien i nordområda.
Samarbeidsprosjekt
Målgruppa for programmet er små- og mellomstore bedrifter på Vestlandet, og i Nord-Norge som alt er leverandørar til olje- og gassindustrien, eller som arbeider målbevisst for å bli det. Programmet er forankra i Kontaktforum for olje og gass, fylkeskommunane og Innovasjon Norges kontor i dei deltakande fylka. Programmet er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge sine regionkontor og fylkeskommunane i dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Troms og Finnmark, der kvart innovasjonskontor og kvar fylkeskommune har gått inn med 325 000 kroner i prosjektet.
Meir informasjon om programmet og påmelding (pdf)
Kontaktperson: Arthur K. Arnesen, telefon 55 23 93 01, e-post: arthur.arnesen@post.hfk.no