Utviklingsstipend 2010 på kr 25.000,-

Møteplass Reiseliv – Hordaland, som vert skipa til 14.-15. april på Voss, har ei ordning med utviklingspris som deltakarane på konferansen kan søke på.

Prisen, som i år er på kr. 25.000,-, tilfell dei som har den beste prosjektideen til auka verdiskaping innan reiselivsnæringa.

Fjorårets vinnar vart Trygve Nipen, (Opplevelser Telavåg DA ) med Havørnsafari

Fjorårets vinnar vart Trygve Nipen, (Opplevelser Telavåg DA) med Havørnsafari. Fotograf: Jean-Pierre Soulere

Initiativtakarane til denne prisen er Fylkesmannen si Landbruksavdeling i Hordaland, Innovasjon Norge – Hordaland  og Hordaland Fylkeskommune.

Vona er at denne prisen skal inspirera aktørane på konferansen til innovasjon, slik at Hordaland framleis er det viktigaste reiselivsfylket i Norge.
Utviklingsstipendiet skal gå til aktørar som har ein nyskapande ide for reiselivet i Hordaland. Ideen skal ha eit kommersielt potensiale og skal stimulera aktørane til å gå frå ide til handling.

Søknadsfristen for årets stipend er 26. april.

Søknadsskjema finn ein her   

Nærare informasjon; Asbjørn Børsheim - telefon: 911 02 215

Kari Eik 23.03.2010 09:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart