Viktige vegval
Hordaland fylkeskommune arrangerer kvart år ein konferanse om korleis vi ønskjer at våre byar og tettstadar skal utvikle seg, både fysisk, estetisk og som lokalsamfunn? Konferansestaden Odda er i år vald fordi ein der står midt oppe i viktige vegval for den vidare utviklinga av byen. Som ein del av konferanseprogrammet bidrar også Odda med diverse kulturinnslag som berre Odda kan tilby.
Frå andre fylke
Påmeldinga, med ca. 160 deltakarar i alt, er den største på Hordaland fylkeskommune sine tettstadskonferansar hittil. Det kjem også deltakarar frå andre fylke, mellom anna Sogn og fjordane og Møre og Romsdal.
Profilerte innleiarar
Konferansen i år har fått tittel: ”Stadens identitet, utvikling med kvalitet, eller tap av særpreg. Kan vi velje?” På konferansen vil profilerte innleiarar ta opp nye og interessante problemstillingar. Vi vil få presentert ulike prosjekt, metodar og samarbeidsformer, både i Noreg og i Danmark.
Dette er nokre av spørsmåla som blir stilt:
– Korleis ønskjer vi at våre byar og tettstadar skal utvikle seg – fysisk – estetisk - og som lokalsamfunn?
– Omdømme, identitet og attraktivitet – kor viktig er dette for å oppnå livskraftige lokalsamfunn?
– Korleis kan vi profilere staden ved å bruke kulturminne som basis for stadutvikling?
– Korleis oppnå betre kvalitet ved ulike former for samarbeid lokalt – ved at både det offentlege og private bidrar?
– Kan vi ”konstruere” - eller dikte – nye kollektive identitetar?
Fagleg nettverksbyggande møteplass
Tanken med desse årlege samlingane er at dei skal fungere som ein fagleg nettverksbyggande møteplass for alle som er engasjert i stadutvikling med kvalitet.
Positiv utvikling
Arrangør er Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Odda kommune, Ullensvang herad og det nasjonale ”Forum for stedsutvikling”, eit felles forum for Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Husbanken, Riksantikvaren, Statens vegvesen og Norsk Form. Målgruppe er alle som er engasjert i ei positiv utvikling av sine byar, tettstadar og lokalsamfunn!
Meir om konferansen på heimesidene til Hordaland fylkeskommune
Program for konferansen