Premiedryss til beste gründer-fotografi

Gründerportalen Kom-an.no lyser ut fotokonkurranse. Konkurransen skal bidra til å skapa engasjement for etablerarverksemd, og toppremien er på heile 10.000 kroner. Dei ti beste bileta vert premiert.

Fotokonkurranse
-Kva forbinder du med temaene ”skaparglede”, ”gode lokalsamfunn” og med ”Kom-an-hoppet”? Ta eit godt bilete og send det til oss, oppfordrar rådgjevar Jon-Erik Vollan i næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.
Bileta kan gjerne visa menneskjer og/eller element som viser til stadar i Hordaland.

Engasjere publikum
Når temaet er såpass vidt, er det nettopp for å ta høgde for den store variasjonen som finst i publikum si førestellingsverd kring gründerverksemd. Folk skal kunna kjenna seg att i temaet, seier Vollan som er spent på korleis publikum ønskjer å visualisera kva dei personleg forbinder med entrepenørskap.

Nettstad for entreprenørskap
Entreprenørskap og livskraftige lokalsamfunn er høgt prioritert i Hordaland fylkeskommune. Diverre finst det lite biletmateriell som er eigna til å illustrera temaet på ein god måte, held Vollan fram. Dei som deltek i konkurransen må vera innforstått med at alle bilete – også dei som ikkje vert premierte – kan verta nytta i samanhang med profilering av nettstaden kom-an.no.

Påmelding
Freisten for å senda inn gode bilete er 10. november kl 12.00.

Les meir på kom-an.no for påmelding og konkurransereglar.

For meir informasjon, kontakt Jon-Erik Vollan,
tlf. 55 23 94 22
Jon-erik.vollan@post.hfk.no

Liv Strømme 07.10.2010 15:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart