
Viktig møtplass
I fjor tok vi opp dei såkalla førstelinetenestene med særleg vekt på entreprenørskap og etablerarar. I år går vi vidare til den såkalla andrelinja - med næringshagar og inkubatorar, og stiller spørsmål om kva dei kan bidra med for auka verdiskaping i Hordaland.
Konferansen skal vere ein viktig møteplass for erfaringsutveksling og drøfting av sentrale utfordringar i næringsutviklingsarbeidet i Hordaland. Målgruppa for konferansen er kommunar, regionråd, næringsselskap, og andre næringsaktørar i fylket. Set av datoen 17. mars 2010.
Miljøsertifisert konferanse
Hordaland fylkeskommune har også ansvar for klima og miljø. Frå no av skal næringskonferansane vere miljøfyrtårnsertifisert. Den skal vere eit miljøvenleg arrangement som inspirerer til gode milj-øval. Vi oppmodar deltakarane og aktørane som bidreg til å gjere miljøriktige val både før, under og etter konferansen.

Programmet
Vi har fått ønskje om å fokuserer meir på planlegging for nærings-utvikling. Dette blir derfor eit av hovudtemaene på årets konferanse. Les meir om programmet. Konferansen er gratis.
Påmelding
Sidan møteromskapasiteten er avgrensa, vil vi oppfordre deg til å melde deg på snarast råd. Om det blir for mange påmelde i høve til plassen, vil vi i stor grad følgje prinsippet om "først til mølla".
Påmeldingsfrist er fredag 12. mars 2010.
Elektronisk påmelding
Programmet, Pdf-fil
Informasjon til deltakarane
Informasjon om riktige miljøval
Her finn du presentasjonane frå konferansen

Arrangør
Hordaland fylkeskommune
Stad
Grand hotell Terminus
Zander Kaaesgt.6, Bergen
Kontaktperson
Ved spørsmål kontakt Jorun Seim Tennebekk, tlf. 55 23 93 07, eller på e-post: jorun-seim.tennebekk@post.hfk.no