Fagkurs for etablerarrettleiarar i kommunane

Tilbodet er for dei som har ei offentlig finansiert rolle som førstelinjeteneste for nyetablerarar og andre som kjem i kontakt med potensielle etablerarar. Påmelding innan 15. august!

Partnarskapen Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling ynskjer å styrke den kommunale førstelinja sin kompetanse knytt til etablerarrettleiing.  

Vi vil difor hausten 2010 tilby eit høgskolekurs i samarbeid med Høgskolen i Bergen - Senter for Nyskaping.
Foto: Elizabeth Jan Warren

Betre rettleiingsteneste
Målet med kurset er å gjere deltakarane betre i stand til å rettleie personar som ynskjer å starte eiga bedrift og i å bistå i utviklings- og mobiliseringsprosessar som har bedriftsetableringar og -utvikling som mål.

Kurset er eit ledd i å nå målsetninga om å auke talet og mangfaldet av levedyktige og gode bedriftsetableringar og arbeidsplassar i Hordaland. Ved stor påmelding vil deltakarar frå kommunar som har signert samarbeidsavtalen med partnarskapen få førsteprioritet.

Påmeldingsfrist: 15. august 2010. 


Samling 1, Samling 2, Samling 3

Søknadsskjema (word-fil)

Foto: Elizabeth Jan Warren.
Somarstemning frå Fedje.

Kontaktpersonar:
Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune,
Tlf: 55 23 92 92, e-post: torill.monstad@post.hfk.no

Olav Mellgren, Innovasjon Norge Hordaland
Tlf: 55 55 93 61 og e-post: olav.mellgren@innovasjonnorge.no

Info om kurset hjå Innovasjon Norge

Jon Erik Vollan 19.07.2010 13:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart