Innovasjon Norge inviterer til ein nasjonal finale, der dei to beste norske tiltaka som fremmjer lokal og regional vekst får vidare delta i European Enterprise Awards 2011. Søknadsfrist 29. oktober 2010.
Dei beste norske tiltaka for entreprenørskap og vekst
Alle regionar i Noreg er med i konkurransen. Hordaland er ein av desse og vert oppmana å fremmje aktuelle tiltak. Finalistane må vere offentleg initert, men kan og kjenneteiknast som offentleg-privat samarbeid.
Kven kan søkje?
Aktuelle søkjarar er kommunar, fylkeskommunar, bydelar, offentleg-private partnarskap, næringslivsorganisasjonar og nasjonale program.
To norske finalister går vidare til Ungarn
Dei to beste norske tiltaka vert invitert vidare til deltaking på den Europeiske finalen i Ungarn i mai 2011. Ein jury beståande av personar med lang erfaring frå arbeid med å stimulere til auka entreprenørskap og betre råmer for næringslivet, vel ut dei to beste finalistane for Noreg.
Invitasjon til deltaking i nasjonal finale
Meir info og påmelding av tiltak