Voss – går føre igjen!

– Voss kommune har eit klart og tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, fortel rådgjevar Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune si Strategi- og næringsavdeling.

– Voss kommune har mange gongar vist at dei har eit tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, og no gjer dei det igjen, seier rådgjevar Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune.
– Voss kommune har mange gongar vist at dei har eit tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, og no gjer dei det igjen, seier rådgjevar Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune.

Dette viser dei med å vere den første kommunen som signerer ein samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Norge for styrka satsing på lokal næringsutvikling og entreprenørskap.

Enklare liv
Avtalen bind kommunen og den regionale partnarskapen Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Norge, saman for å gjere livet enklare for etablerarane.

Styrkje kommunane
Gjennom samarbeidsavtalen skal den regionale partnarskapen bidra til at kommunane skal verte endå betre til å rettleie etablerarar. Kommunane er det naturlege kontaktpunktet for etablerarane, og saman skal ein styrkje kommunane sin kompetanse på etablerarrettleiing. Dette skal blant anna skje gjennom eit høgskulekurs hausten 2009 for dei som jobbar i kommunane med etablerarrettleiing, også kalla førstelinja.

Kven skal rettleie?
Samarbeidsavtalen forpliktar kommunane til å setje fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap. Mellom anna gjennom å ha ei tydeleg avklaring av kven som skal rettleie etablerarane når dei tek kontakt.

Formålet er at etablerarane skal få god og lik rettleiing i heile fylket, og at kommunane skal lett kunne gje etablerarane den kunnskap og støtte dei treng for å orientere seg blant dei krav og tilbod dei har.

Første til å skrive under samarbeidsavtale
Voss er den første kommunen til å skrive under samarbeidsavtale, men partnarskapen inviterer alle kommunane i Hordaland til å vise same engasjement som det Voss gjer.

Underskriving av samarbeidsavtale er eit sentralt ledd i Kommuneprosjektet II, i tillegg til at partnarskapen tilrettelegg for nettverk, kompetanseheving, felles nettside, samt eit meir koordinert regionalt samarbeid om entreprenørskap.

Forsøkskommune
Voss er ein av to kommunar i Hordaland som var forsøkskommune i pilotprosjektet Kommuneprosjektet 2004-2006. ”Voss kommune har mange gongar vist at dei har eit tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, og no gjer dei det igjen” seier Monstad.

For meir informasjon om saka kontakt:
Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune på tlf: 55 23 92 92 og
e-post: torill.monstad@post.hfk.no

22.06.2009 14:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart