Sjømatkonferansen 2009

Logo for Sjømatkonferansen 2009

For 9. år på rad vert Sjømatkonferansen arrangert i Bergen. Sjømatkonferansen er ein nasjonal  fagkonferanse med fokus på helse, sunnhet og miljøvennleg sjømat. Tema for årets sjømatkonferanse er korleis ein kan foreina val av sunn og berekraftig mat, med god smak og tidsklemma i ein travel kvardag.

Sjømatkonferansen 2009 vil samla dei fremste forskarane og leiande bedrifter til å gje deg inspirasjon og idear til å auke salet av sjømat.

Det er Stiftinga Fiskeriforum Vest og Stiftinga Norsk Sjømatsenter som står bak konferansen. Sjømatkonferansen er ein del av ”Sjømat for alle” arrangementet som består av opplæringsaktivitetar for barn og ungdom og kunnskapsformidling ut mot publikum.

Sjømatkonferansen vert halden i Bergen, 20. oktober 2009, på Scandic Bergen City.

Konferansen er blant anna støtta av Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Informasjon og påmelding

01.10.2009 14:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart