Regionalt Utviklingsprogram 2009 klar til bruk!

Regionalt Utviklingsprogram (RUP) for 2009 er no politisk vedtatt og klar for bruk! Det er ikkje gjort store endringar frå fjorårets program av omsyn til kontinuitet i næringsutviklingsarbeidet, men ein del grep er tatt for å møte konsekvensane av finanskrisa, melder seniorrådgjevar i Næringsseksjonen Jone Engelsvold.
RUP 2009 har som undertittel ”Eit nyskapande Hordaland”, og er eit felles handlingsprogram for regional utvikling i fylket vårt. RUP 2009 dannar såleis retninga for det som vert gjort av næringsutviklingsarbeid i Hordaland, og støttar utviklingsprosjekt som skal levere resultat heile næringslivet i fylket kan ha nytta av. Programmet er forankra i ei langsiktig satsing gjennom fylkesplanen, og det skal dessutan sikre at alle verkemiddelaktørane jobbar i lag.

Konkrete endringar og nye satsingar i årets program
Strukturen i Regionalt Utviklingsprogram er nokså lik fjorårets. Men nytt er eit innleiingskapittel med vurdering av sterke og svake sider, muligheiter og truslar for næringslivet i fylket.

Gjennom drøftingar og konsultasjon er det vidare kome fram ein del ønske om konkrete endringar innan dei prioriterte innsatsområda.

Under satsingsområde Næringsretta kompetanse er det lagt til eit ønske om å Styrka tilbod til ungdom som ønskjer fagopplæring og lærlingplass.

Satsingsområde Entreprenørskap og Innovasjon legg vekt på ei overbyggande satsing for å forbetre og synleggjere entreprenørskapsarbeidet i fylket. Målet er blant anna ei koordinering av det regionale verkemiddelapparatet og sikre ei kompetent førstelineteneste for etablerar.

Satsingsområdet Livskraftige lokalsamfunn legg vekt på lokalt forankra mobiliseringsprosessar retta mot både entreprenørskap, trivsel, inkludering, identitetsskaping og omdømebygging. Der er særleg peika på at migrantar, kvinner og unge må verte del av satsinga. Behov for kompetansehevingstiltak og grunnlaget for deltaking i regionale program som LivOGLyst vert streka under, saman med satsinga på ein felles nettportal for entreprenørskap og lokalsamfunnsutvikling i Hordaland.

Innan dei bransjevise satsingane er det for energifeltet lagt vekt på nye initiativ innan arbeidet med offshore vindkraft og initiativ til eit senter for industriell drift & vedlikehald for teknologibaserte selskap i energi- og maritim sektor. Innan marine næringar er det lagt forsterka vekt på oppbygging av kunnskap, auka verdiskaping og konkurransekraft i marine verksemder, mellom anna ved hjelp av VRI programmet som verktøy. Ei særleg satsing på utdanning og ungdom i marine fag er også vektlagt.

Satsingsområdet reiseliv er i år prega av prosessen kring ny reiselivsstrategi. Det har ein rekkje nye perspektiv og satsingar som prioriterte område for produktutvikling, strategisk utvalde tema for satsing, forsterka fokus på kompetanse, modellar for marknadsføring og vidareutviklinga av Innovativ Fjordturisme som eit mogeleg Norwegian Centre of Expertice for reiselivet i Noreg, lokalisert til Bergen. Innan satsinga kulturnæringar bygg ein vidare på konklusjonane frå den kartlegging av kulturnæringar i Bergen og Hordaland med fokus på styrka nettverksorganisering, etablering av berekraftige arbeidsplassar for nye talent og arbeidet med marknadskontakt. Satsinga på festivalar forsterkar kravet til modellbygging som kan kome heile festivalfylket Hordland til gode. Satsing på  kulturnæringar er meint å kunne inngå i eit Kulturelt Utviklingsprogram.

Regionalt Næringsforum
Regionalt Utviklingsprogram er utarbeidd av Regionalt Næringsforum(RNF). RNF er eit partnarskap for næringsutvikling i Hordaland. Her sit representantar frå blant anna Hordaland fylkeskommune, NHO, UiB, NAV, KS og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Programmet byggjer på vedtatt fylkesplan for Hordaland 2005-2008, men vert rullert kvart år. Programmet føl opp dei prioriterte innsatsområda som følgjer av fylkesplanen.

01.04.2009 15:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart