Kompetanseheving for etablerarrettleiarar - hausten 2009

Partnarskapen Hordaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling ynskjer å styrke den kommunale førstelinja sin kompetanse knytt til etablerarrettleiing. 

Vi vil difor hausten 2009 tilby eit høgskolekurs i samarbeid med Høgskolen i Bergen - Senter for Nyskaping. Tilbodet er for dei som har ei offentlig finansiert rolle som førstelinjeteneste for nyetablerarar og andre som kjem i kontakt med potensielle etablerarar.

Målet med kurset er å gjere deltakarane betre i stand til å rettleie personar som ynskjer å starte eiga bedrift og i å bistå i utviklings- og mobiliseringsprosessar som har bedriftsetableringar og -utvikling som mål.

Kurset er eit ledd i å nå målsetninga om å auke talet og mangfaldet av levedyktige og gode bedriftsetableringar og arbeidsplassar i Hordaland. Ved stor påmelding vil deltakarar frå kommunar som har signert samarbeidsavtalen med partnarskapen få førsteprioritet. 

Kurset er GRATIS for deltakarane. Ved eventuelle gjennomføringer i framtida vil det verte innført ei deltakaravgift, så benytt sjansen no til å få det gratis.

Ved spørsmål og påmelding kontakt Torill Monstad, Hordaland fylkeskommune. Tlf 55 23 92 92 eller e-post: torill.monstad@post.hfk.no

Påmelding så snart som mogeleg og seinast innan 15 august!


Velkommen på kurs!


 
INNHALD

Første samling - 22. og 23. september:
Felles kunnskapsplattform – om entreprenørskap og forretningsplanlegging:
Innleiing, kurspresentasjon og begrepsavklaringar
Forretningsplanen sine element og krav
Suksessfaktorar i forbindelse med bedriftsetablering og forretningsutvikling

Andre samling - 13. og 14. oktober:
Prosess- og rettleiingskompetanse – om å leie prosessar og utviklingsarbeid i
bedifter og lokalmiljø:
Strukturering og leiing av prosjekt og utviklingsprosessar
Verktøy og metode til bruk i utviklingsprosessar
Kreativitet, produktutvikling og utvikling av forretningsidéar
Rettleiingsteknikkar, adferds- og kommunikasjonsstilar

Tredje samling - 3. og 4. november:
Formidlingskompetanse – om finansielle verkemidlar og faglige hjelparnettverk:
Entreprenørskap og næringspolitiske rammebetingelsar
Formelle krav ved etablering og drift av foretak
Immaterielle rettigheiter
Oversikt og presentasjon av faglige og finansielle hjelparar og verkemidlar

Omfang
3 samlingar av 2 dagar (7,5 t pr. dag) i løpet av hausten 2009 + eksamen.

Undervisninga vil bestå av forelesingar og gruppeøvingar med aktiv deltaking og erfaringsutveksling mellom deltakarane, samt sjølvstudium.

Tid og stad
Samlingane vil være tysdag og onsdag i veke 39, 42, og 45.

Samlingane vil være hjå Høgskolen i Bergen i Nygårdsgaten, eventuelt ein annan plass i Bergen sentrum.

Eksamen/kompetanse:
Skriftlig prosjektrapport som vurderas bestått/ikkje bestått,. Prosjektarbeidet utføres i gruppe. For prosjektrapporten utstedes kursbevis. Innlevering tysdag i veke 47.

Kurset gjer 7,5 studiepoeng for dei som tek eksamen. Skriftleg prosjektrapport må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen. Eksamen består av ein munnleg gruppepresentasjon basert på pensum og prosjektoppgåva. Presentasjonen gjennomføres tysdag i veke 49.

Dei som ynskjer studiepoeng, må kunne dokumentere at dei har generell studiekompetanse.  Det er ingen krav til forkunnskapar for dei som kun ynskjer å gjennomføre kurset utan studiepoeng.

Deltakaravgift
Kurset er GRATIS. Kursmateriell og eventuell reise/overnatting må de dekke sjølv. Dei som ynskjer studiepoeng må òg betale semesteravgift (ca. kr. 430,-)

22.07.2009 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart