Fredag 21. august var det opning av ny inkubator på Tysnes. Dette er ein distribuert inkubator for industriinkubatoren Athno på Stord. 3-4 kontor vert tilgjengeleg saman med den kompetanse og det nettverket som Atheno innehar. Inkubatoren ligg i Vågen AS sine lokale på Våge.
Snorklipping var ved ordførar Helge Hauge. Hordaland Fylkeskommune (Hilde Indresøvde), SIVA (Frank Sandnes), Innovasjon Norge (Olav Mellgren), Tysnes 3012, Inunet og aktørar frå lokalt næringsliv og kommune var til stades.
Inkubatoren skal leggja til rette for at idéhavarar, gründerar og nyetablerarar på Tysnes skal kunne jobbe konsentrert med ein forretningsidé eller ei bedrift. Atheno vil vera ein ressurs og støttespelar i dei ulike prosessane aktørane skal gjennom.
Prosjektet Distribuert Industriinkubator er finansiert av Hordaland fylkeskommune, SIVA og Atheno. Etableringa av inkubator på Tysnes er ei viktig målsetnad for omstillingsprosjektet Tysnes 3012.