Aqua Nor 2009

Aqua Nor 2009 vert arrangert frå 18. til 21. august i Trondheim Spektrum.

Gjennom 30 år har Aqua Nor vore ein viktig internasjonal møtestad for akvakulturnæringa. Her vert alle nyhender av betyding for næringa presentert.

Aqua Nor vert arrangert annakvart år i Trondheim, og dei siste åra har messa samla rundt 15-20.000 besøkande frå meir enn 50 nasjonar.

300 utstillarar representerer over 600 produsentar og leverandørar frå heile verda med dei siste nyhender innanfor forsking, teknologi, fôr, fiskehelse, kvalitetskontroll, utdanning, fiskesortering, utstyr, lagring, finansiering, oppdrettsamarbeid, tilverking, emballering, miljøsikring og distribusjon.

For meir informasjon og program sjå Stiftelsen Nor-Fishing sine heimesider.

23.06.2009 07:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart