
For 8. år på rad vert "Sjømat for alle" arrangert i Bergen. Sjømatkonferansen 2008 er ei nasjonal fagkonferanse med fokus på helse, sunnhet og miljøvennleg sjømat. Tema for sjømatkonferansen 2008 er bærekraftige sjømatprodukt, helse, sjømat og ungdom, trendar og produktutvikling.
Sjømatkonferansen 2008 vil samle dei fremste sjømatforskarane og internasjonalt leiande bedrifter til å gje deg inspirasjon og idear til å auke salet av sjømat.
Det er Stiftinga Fiskeriforum Vest og Norsk Sjømatsenter som står bak konferansen. Sjømatkonferansen er ein del av ”Sjømat for alle” arrangementet som består av opplæringsaktivitetar for barn og ungdom og kunnskapsformidling ut mot publikum.
Sjømatkonferansen vert halden i Bergen, 21. oktober 2008, på Scandic Bergen City. Arne Hjeltnes fra Marine Harvest vert konferansier.
Konferansen er støtta av Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.
Informasjon og påmelding