Komplett sommarsesong 2009 over Hardangervidda

Fylkeskommunen sitt organ SKYSS som har ansvaret for kollektivtransporten i fylket har vedteke at bussruta Odda - Geilo – Odda i 2009 skal starte opp 1. mai og gå dagleg til og med 30. september. Dette er ei kraftig utviding av ruta, då ho i årevis berre

Reiselivet jublar
Vedtaket er kome i stand etter sterkt ynskje frå reiselivsnæringa i området og Tide Reiser AS.  Operasjonstida fell no saman med båtruta på Hardangerfjorden, og dermed kan ein tilby flotte rundturar for den norske og internasjonale turistbransjen.

Frå 2009 kan turistar som kjem frå Geilo med buss oppleve både fruktblomstring og innhaustinga. Foto; Reisemål Hardanger Fjord AS

Bussen korresponderar nemleg med tog frå både Bergen og Oslo på Geilo.  Dette gir mange fine val av rundturar.  Dei reisande kan  til dømes få oppleva bussturen over Vidda og gå om bord i ”Vøringen” i Eidfjord for transport til hamnene i Ullensvang, Herand eller Norheimsund.
 
Ein annan mogelegheit er å overnatte i Hardanger for neste dag å køyre vidare til Rosendal og ta båten derifrå til Bergen. Det er spesielt spanande no å kunne knytte Rosendal opp mot Geilo med togforbindelsene til og frå Bergen og Oslo.

Testa ut i Asia
Hotel Ullensvang har allereie presentert eit slikt opplegg på si rundreise i Asia, og interessa er svært stor.  Tide Reiser lanserer ei rundtur basert på bussforbindelsen under namnet ”Noreg på tvers”.  Innovasjon Norge har tildelt eit slikt prosjekt midlar frå si satsing ”Kort & Godt”, då dei finn denne rundturen heilt i tråd med si reiselivsstrategi. 
Prosjektet Explore Hardangerfjord, som produktutviklar og marknadsførar tilbod basert på fjordcruisa Rygerfonn og Vøringen, har også engasjert seg sterkt for å opne Hardangervidda for regulær bussrute heile sommaren.

Det nye kollektivtilbodet er også godt nytt for dei som vil ta turar på Hardangervidda, anten det er på ski om våren eller til fots utover hausten.

Kontakt:
Helge Møller, prosjektleiar
Explore Hardangerfjord
Tel 906 22 907 –
hemoller@broadpark.no

Helge Møller/Kjartan Pettersen 23.10.2008 19:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart